Slik er jernbanen organisert

Det er fleire statlege og private verksemder som saman sørgjer for dagens norske togtilbod. Her kan du lesa om kven som gjer kva innan norsk jernbane.

Oversiktsbilete over jernbanespor på Oslo sentralstasjon

Utkjørselen frå Oslo S, med Barcode til høgre i biletet. Foto: Hilde Lillejord, Bane NOR

Regjeringa ved Samferdselsdepartementet har det øvste ansvaret for transportsektoren i Noreg. Dei skal styra jernbanen i tråd med kva dei folkevalde på Stortinget bestemmer. Derfor kan me seia at folket gjennom val bestemmer over togtransporten.

Utgifter til drift, vedlikehald og utbygging av jernbanen skal vera til samfunnets beste. Eit godt og klimavennleg transporttilbod gir oss samtidig store gevinstar, både i form av samfunnsøkonomisk nytte og ei meir berekraftig framtid.

Samferdselsdepartementet set langsiktig mål for jernbanen og bestemmer rammevilkåra for sektoren.

Me er fleire verksemder som saman utgjer norsk jernbane.

Dette er dei statlege aktørane:

Jernbanedirektoratet gir politikarane innspel om korleis togtilbodet kan styrkjast og blir vidareutvikla.  Direktoratet gir oppdrag til Bane Nor om utbygging og forbetring av jernbanenettet, og bestiller ruter frå persontogselskapa (Vy, SJ, Flytoget, Go Ahead). 
Les meir om Jernbanedirektoratet(åpnes i ny fane)

Statens jernbanetilsyn skal vera ein pådrivar for tryggleiken på jernbanenettet, følgja opp lovverket og overvaka jernbanenettet. Tilsynet gir ut løyve for å driva verksemd på jernbanen. 
Les meir om Statens jernbanetilsyn(åpnes i ny fane)

Bane NOR driftar og held ved like dagens jernbane. Me byggjer nytt og moderniserer på oppdrag frå Jernbanedirektoratet. Me har ansvaret for 4200 kilometer med spor, 335 stasjonar og haldeplassar og 4360 eigedommar. 
Les meir om Bane NOR

Norske tog kjøper inn toga og leiger dei ut til persontogselskapa (Vy, SJ, Flytoget, Go Ahead).
Les meir om Norske tog(åpnes i ny fane)

Entur er ein nasjonal reiseplanleggjar med oversikt over mellom anna tog, buss og ferjeruter. Her kan du også kjøpa billettar til alle persontogselskapa.
Les meir om Entur(åpnes i ny fane)

Mantena har ei rekkje verkstader som held ved like og reparerer toga. 
Les meir om Mantena(åpnes i ny fane)

Baneservice er blant selskapa som utfører arbeid for å halda ved like og fornya jernbanen. Verksemda er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet.
Les meir om Baneservice(åpnes i ny fane)

Private aktørar i jernbanesektoren:

Dette er persontogselskapa som køyrer passasjerar på norsk jernbane.  

  • Vy
  • SJ
  • Flytoget
  • Go Ahead

Dette er godstogselskapa som har lisens til å køyra varer på norsk jernbane.

  • CargoNet AS
  • Green Cargo AB
  • Grenland Rail AS
  • Hector Rail AB
  • LKAB Malmtrafik AB
  • Tågåkeriet i Bergslagen AB
  • BLS Rail AB
  • Pro Train AB
  • Arctic Train AS/TM Togdrift
  • Onrail AS
  • Mantena AS (statseid selskap)
  • Railcare Tog

Lisensar, løyve og tryggingssertifikat

Statens Jernbanetilsyn tildeler lisens, løyve eller tryggingssertifikat for å driva jernbaneverksemd i Noreg.