Bane NOR forklarer: Slik fungerer jernbanen

Jernbanedrifta er eit komplisert samspel mellom spor, signalanlegg, kontaktleidning og toga. Her kan du kort sjå korleis dette samspelet fungerer.

Denne artikkelen er eldre enn fem år.

Foto fra Eidsvoll stasjon

Dei fem hovudelementa i jernbanen er:

  • Straumforsyningsanlegg: Kontaktleidningsanlegget sikrar kontinuerleg
  • overføring av elektrisk energi til toga
    Signalanlegg: Sikrar trygg, rask og punktleg togframføring
  • Underbygnad: Sikrar at sporet ligg stabilt
  • Teleanlegg: Sikrar naudsynt samband.
  • Overbygnad: Sikrar at krav til aksellast, komfort, sikkerhet og hastighet vert oppfylt.


Last ned heftet "Slik fungerer jernbanen" her.

Utbyggingskostnadene er vanlegvis slik fordelte:

  • overbygnad 25 %
  • strømforsyning 10 %
  • signalanlegg 10 %
  • telanlegg 5 %
  • underbygnad 50 %
    Underbygnaden er massen som jernbanespor og sviller ligg på: fyllingar, skjeringar, bruer og tunnelar. På mange av dei gamle banestrekningane er fyllingane for smale etter dei krava som gjeld i dag.

Overbyggingen består av ballast/pukk, sviller og skinner og sporveksler. Det gjennomføres jevnlig ballastrens, justering av skinnenes plassering, og skinnesliping. Sporvidden i Norge er 1435 mm (normalspor).

Stasjonane er ein del av jernbanenettet. På enkeltspora banar er det som regel kryssingsspor på stasjonane.

Straumforsyningsanlegga fører køyrestraumen frå energiverka sine høgspentnett via jernbanen sine eigne matestasjonar til kontaktleidningane. Storleiken og talet på matestasjonar er med og dimensjonerer togtrafikken på dei enkelte banestrekningane. I matestasjonane vert straumen omforma til 16.000 volt vekselstraum med 16 2/3 periodar/sek (Hz), som er spenninga i kontaktleidningane.

Kontaktleidningen må ha stabil høgd frå skjenene, og går i sikksakk over spora slik at straumavtakaren på lokomotivet vert jamt slite. Etter at motoren har teke ut effekt av straumen, vert returstraum ført tilbake til omformarstasjonar gjennom toghjula, anten til skjenene eller til eigne returleidningar.

Signalanlegga sikrar trygg togframføring, syter for at toga kjem fram så raskt og punktleg som mogleg, og gjer at kapasiteten på jernbanespora vert utnytta maksimalt.

Jernbanen er delt inn i sporfelt, oftast ca. 1 km lange. Heile signal- og sikringssystemet i jernbanen er bygd opp på at systemet veit kva for sporfelt eit tog er på, og i kva for retning toget flytter seg. Nesten alle elektrifiserte banestrekningar i Noreg har automatisk togovervaking. Toget vert bremsa automatisk dersom det freistar å passere eit hovudsignal som viser stopp, på somme strekningar jamvel dersom det held for høg fart. På strekninga frå Sandnes til Stavanger vart det hausten 2009 sett i drift eit nytt system basert på akseltellarar i staden for sporfelt. Dette systemet skal og nyttast i Oslotunnelen og skal gi færre signalfeil.

Jernbanen har eige teleanlegg i kabelkanalar langs spora. Kabelsystemet knyter saman jernbanenettet, togdrifta og kontorfunksjonane i eitt felles nett, og vert m.a. nytta til:

  • Togleiing med fjernstyring av togdrifta
  • Fjernstyring av klokker og høgtalarar
  • Anvisarskilt
  • Intern dataoverføring.
    Jernbaneverket har eit landsdekkjande fiberoptisk transmisjonsnett.

Kommunikasjonen mellom togleiar og lokførar skjer med jernbanen sitt radiosystem GSM-R. Dette sambanssystemet vart sett i drift for fullt frå 2007. Sjå lenke til GSM-R.