Kor mykje energi sparer du på å la bilen stå?

Vi nordmenn er storforbrukarar av «grøn straum» frå vasskraft, men i transportsektoren kjem energien stort sett frå olje. Unntaket er den utsleppsfrie, energieffektive jernbanen.

Det norske straumforbruket er høgast i verda per innbyggjar etter Kuwait, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Det norske energiforbruket er også høgt, men her har me ei rekkje nasjonar over oss på lista.

Korleis heng det saman? Jo, fordi energiforbruket kjem frå fleire ulike kjelder. Nokon er grøne og utsleppsfrie, som straum frå vass-, vind- og bølgjekraft. Andre er sterkt forureinande som kraft frå olje og kol. Gass ligg på tredjeplass, og bidreg også til store CO2-utslepp.

Flyvende biler lander på tog

Me ønskjer oss ein grønare trafikk

I Noreg vinn me ut mykje olje og gass, men lite av det blir brukt innanfor våre eigne grenser. Det meste blir eksportert og forureinar andre stader på kloden. Me har likevel ein sektor som er storforbrukar av olje også i Noreg: Transporten står for nesten ein firedel av all norsk energiforbruk. Dette forbruket blir basert i stor grad på oljeprodukt som bensin og diesel, ifølgje Energidepartementet.

Transportsektoren står for ein tredel av norske klimagassutslepp. Her kjem det meste frå vegtrafikken, ein god del frå fly og noko frå skip. Jernbanen står for 0,4 prosent av desse utsleppa. Grunnen til at det talet ikkje er null, kjem av at nokre strekningar på jernbanen framleis er dieseldrivne. Her går ikkje toga på straum, og det ønskjer me å gjera noko med.  

Der togtrafikken er størst, er jernbanen elektrisk. I tillegg er transporten på skinner både arealeffektiv og energieffektiv.  

Toget eller bilen?

Eit pendlartog erstattar omtrent 600 bilar. Desse bilane bruker langt meir energi per reisande enn toga. At mykje av denne energien kjem frå oljeprodukta bensin og diesel, gjer ikkje saka betre. Det fører til store CO2-utslepp i Noreg. I 2016 utgjorde dette 5,3 millionar tonn, ifølgje Statens vegvesen.  

Sidan den gong har talet på personbilar i Noreg auka mykje. Samtidig har ein svært stor del av nybilsalet vore elbilar. Det er betre for miljøet, men likevel ikkje uproblematisk – fordi me må spara mest mogleg energi framover, til det grøne skiftet. 

Elbilane oppgjer gjerne eit gjennomsnittleg forbruk på rundt 0,2 kilowattime per kilometer. I Reisevaneundersøkelsen frå 2013/2014 har Transportøkonomisk institutt rekna på kor mange personar det gjennomsnittleg er i kvar personbil, på kvar reise. Svaret er 1,55. Altså sjåføren pluss ein halv passasjer. 

Viss me tek utgangspunkt i dette gjennomsnittet, forbruker elbilen nesten dobbelt så mykje straum (per reisande) som eit tog med 40 prosent belegg, og nesten fem gonger så mykje som eit fullt tog.


Skrevet av:

  • Bane NOR, 08.04.2024