Frokostmøte om arbeidet med Randklev bru

Vi opplever stor interesse for gjenopprettingsarbeidet knytta til Randklev bru i Ringebu. Torsdag 19. oktober arrangerte vi frokostmøtet for bransjen. Sjå møtet i opptak her.

  • Ekstremværet Hans
  • Prosjektnyheter
  • Gjenoppbygging av Randklev bru

Publisert: 19. oktober 2023 klokken 13:59

Tre menn i dress smiler fremfor skjerm som viser presentasjon

Torsdag morgon orienterte leder av Plan og teknikk i Utbyggingsdivisjonen, Brede Nermoen, assisterende utbyggingssjef Jon Brede Dukan og banedirektør Eivind Bjurstrøm. Foto: Trine Bratlie Evensen, Bane NOR

Torsdag morgen inviterte vi til frokostmøte for bransjen for å orientere om det teknisk krevende arbeidet knytta til å gjennopprette brusambandet over Gudbrandsdalslågen i Ringebu kommune. 

Sjå opptak av seminaret

Sjå opptak av seminaret her (Youtube) (├ąpnes i ny fane) .

Presentasjon om Randklev bru

Last ned presentasjonen om Randklev bru fra frokostmøtet torsdag 19. oktober.

Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen under ekstremvêret "Hans" førte til omfattande skadar på Randklev bru. To av tre seksjonar av brua fall i elva då ersosjon rundt fundamenta resulterte i at det eine brufundamentet velta.

Høg vassføring har gjort det vanskeleg å få oversikt over øydeleggingane. Sjølv om vi har redusert talet på løysingar, har vi ikkje endelig avgjort kva som er den beste løysinga for å gjenoopprette bruforbidninga.

- Først i veke 47 anslår vi om det er mogleg å seie noko meir om arbeidet vidare og når brusambandet kan verte gjenoppretta, fortel assisterande utbyggingssjef i Bane NOR, Jon Brede Dukan.  

Kjempekrana kom til Ormøya natt til torsdag

Krana som skal løfte bruspenna ut av elva kom til Ormøya i natt og skal fraktast på trailer nordover. 81 semitrailerer må til for å få frakta alle delane, deretter følgjer 8-10 dager med montering av krana.

- Planen å kunne heise ut bruspenna i veke 44-45, fortel Dukan.

Betydelig erosjon på brufundamentet

Dei undersøkingane vi har fått gjennomført, viser at det har vore mykje erosjon på fleire av brufundamenta og på det midterste brufundamentet som førte til at den midtre delen av brua rasa ned i elva.

Uansett korleis vi skal gjenopprette sambandet, må vi fjerne dei øydelagde fundamenta.

Mogleg utlysing av totalentreprise

Om det ikkje er sannsynleg å kunne gjenbruke brua, vil vi lyse ut ei totalentreprise for arbeidet. Konkurransegrunnlag skal bli klart i løpet av komande veke.

Vi vel å utsette kunngjering til veke 45, når vi har fått brukonstruksjonane i land og har gjort ei vurdering på om dei kan gjenbrukast. 

Publisert: 19. oktober 2023 klokken 13:59