Her er megakrana

Megakrana, som skal løfte bruelementa til jernbanebrua ved Ringebu på land, har no komme til Oslo med båt frå Danmark.

  • Ekstremværet Hans
  • Prosjektnyheter
  • Gjenoppbygging av Randklev bru

Publisert: 19. oktober 2023 klokken 13:16

Stor kran losses i land.

Arbeidet med å lossa båten har starta. Megakrana veg 1450 tonn. Foto: Nils Maudal, Bane NOR.

Natt til torsdag la lasteskipet Wilson Flew IV til ved Ormsund kai i Oslo Havn. Om bord var den store krana me har bestilt til å løfta opp Randklev bru frå Gudbrandsdalslågen. Leverandøren vår held til i Danmark, og krana er no transportert på båt til Oslo. 

Arbeidet med å lossa båten starta torsdag 19. oktober, og dei første vogntoga med krandelar kjem til Ringebu torsdag ettermiddag. 

- Me førebur no løfteoperasjonen av dei to bruelementa, som kvar veg 270 tonn. Dette er neste steg for å sørgja for at folk skal kunna reisa miljøvennleg med tog opp gjennom Gudbrandsdalen igjen. Til å hjelpa oss med dette har me måtta leiga ei stor kran frå Danmark då det ikkje finst store nok kraner til ein slik løfteoperasjon i Noreg, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane NOR.

Krana som skal nyttast er ein Liebherr LR 11350. Den kan løfta 350 tonn. Megakrana kjem i mange delar, og blir frakta på lastebilar til Ringebu. Der blir den montert, og skal stå på ei utfylling i Gudbrandsdalslågen slik at ho kan løfta bruelementa på land.

Mann i hjelm og gule arbeidsklær stående ved en gul maskin.

Kranfører Michael Lønborg har fulgt med krana fra Danmark. Foto: Nils Maudal, Bane NOR

Megakrana veg 1450 tonn

Den store krana har ei totalvekt på ca. 1450 tonn, og blir operert av ein sjåfør som sit inne i krana. Ein Supervisor er på plassen og dirigerer han.

Kranbommen, som skal løfta bruelementa, har ei lengd på 84 meter. Den har ein kløftekapasitet på 329 tonn på 58 meter, som er avstanden frå senter kran til løfta, det vil seia den midtarste bruseksjonen til Randklev bru.

Me har leigd krana frå BMS Heaavy Cranes AS, og det er Crane Norway som skal montera krana og løfta bruelementa opp frå elva.

- Når me har løfta bruelementa på land blir dei to fagverka undersøkte for eventuelle skadar. Me har etablert eit område ved elva der elementa blir lagde slik at me får ei optimal innsikt i kva som skal til for å reparera dei, og utføra jobben på staden, seier Bjurstrøm.

Randklev bru sør for Ringebu fekk store skadar i samband med ekstremvêret «Hans». Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta vart øydelagde, og dermed seg to av bruelementa ut i elva.

- Me jobbar på spreng for å kunna reetablera brusambandet over elva slik at me kan køyra gjennomgåande tog på Dovrebanen så raskt som mogleg. Viss me kan bruka bruelementa igjen, byggja opp eit nytt fundament og løfta bruelementa på plass igjen vil det ta kortare tid før me kan opna opp Dovrebanen for gjennomgåande trafikk enn om me må byggja heilt ny bru, seier Bjurstrøm.

Dronebilde krandeler og bru i elva.

De første delene til megakrana er på plass i Ringebu. Foto: Andrew Jørgensen, Bane NOR.

Lastebil og deler megakran

Lastebilene losser deler til megakrana. Foto: Andrew Jørgensen, Bane NOR.


Publisert: 19. oktober 2023 klokken 13:16