Begge bruelementa er heva på land

No er også det andre bruelementet til Randklev bru løfta på land. Det er eit viktig steg for igjen å kunna opna togtrafikken gjennom Gudbrandsdalen.

  • Ekstremværet Hans
  • Prosjektnyheter
  • Gjenoppbygging av Randklev bru

Publisert: 30. oktober 2023 klokken 16:05

Oppdatert: 2. november 2023 klokken 20:29

Ei stor gul kran løftar ein stor del av ei bru opp frå ei elv.

Det første av to bruelement blir løfta opp av Gudbrandsdalslågen. Randklev bru fekk store skadar etter ekstremvêret «Hans». Foto: Andrew Jørgensen, Nordic Unmanned

Følg med på arbeidet med Randklev bru fra webkamera

Vi har montert webkamera i forbindelsene med utbedringene av Randklev bru som fikk hard medfart under ekstremværet Hans.
Her ser du bilder og kan følge med på arbeidet fremover.

Randklev bru sør for Ringebu fekk store skadar under ekstremvêret «Hans». Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva.

Måndag 30. oktober vart det første av dei to bruelementa løfta på land, og i dag løfta me det andre. Begge elementa veg nær 270 tonn. Løfta blir gjort ved hjelp av ein innleigd megakran som vart ferdigmontert førre veke.  

Konsernsjef, Thor Gjermund Eriksen, var på Randklev bru i dag for å sjå at det siste bruelementet vart løfta på land. 

– Dimensjonene er enorme, og fungerer som eit bilete på kor store krefter som var i sving under ekstremvêret «Hans». Dette viser også kor sårbar norsk jernbane er når ei slik hending kan ha så store konsekvensar for trafikken, seier Eriksen.

Andre del av ein bru er løfta av ei stor kran.

Konsernsjef, Thor Gjermund Eriksen, på Randklev bru. Her blir andre bruelement løfta frå elva. Foto: Kirsten McDonagh, Bane NOR

Håpar på gjenbruk

Etter at bruelementa er lagt på land, blir dei undersøkte for eventuelle skadar. 

- Arbeidet vil ta tid, men me jobbar så fort me kan. Det er svært viktig for oss at person- og godstrafikken igjen kan gå utan avbrot gjennom Gudbrandsdalen, fortel Eriksen. 

Tilstanden på bruelementa vil vera med på å avgjera kor fort ei permanent løysing for Randklev bru kan vera på plass. 

– Viss me kan gjenbruka bruelementa vil me raskare kunna opna opp Dovrebanen for gjennomgåande trafikk enn om vi må byggja ei heilt ny bru. Gjenbruk er også den beste løysinga i eit berekraftsperspektiv, siger banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane Nor.

En stor kran som løfter bruelement i snøvær.

Å få gjennomgåande tog på Dovrebanen igjen er svært viktig for å redusera talet på lastebilar og bilar gjennom Gudbrandsdalen. Foto: Kirsten McDonagh, BaneNOR

Må byggja nytt fundament

I tillegg til nybygging eller reparasjon av bruelementa, må også det velte fundamentet erstattast.

Det nye fundamentet får ei større grunnflate, og er betre sikra mot erosjon og undergraving. Samtidig har det også vore stor erosjon rundt det andre brufundamentet, som også skal utbetrast. 

– Fundamentet blir bygd etter dagens tekniske krav, som naturlegvis har endra seg sidan den opphavlege brua vart bygd. Før bygging av nytt fundament kan starta, må det øydelagde fundamenta fjernast, samtidig som me tek omsyn til gjeldande miljøkrav, seier Bjurstrøm.

Sjølv om Bane NOR no jobbar på høggir for å opna opp brua, vil dette arbeidet ta tid. Me veit førebels ikkje når det kan skje, men reknar med å kunna leggja fram ein tidsplan før jul.

Opnar for tog mellom Ringebu og Dombås

Måndag 30. oktober var gjenopningsdag for togtrafikk mellom Ringebu og Dombås, etter at ekstremvêret «Hans» førte til fleire mindre jordras langs strekninga.

– Å få gjennomgåande tog på Dovrebanen igjen er svært viktig for å redusera talet på lastebilar og bilar gjennom Gudbrandsdalen. Eitt einaste godstog svarer til 30 lastebilar, og me jobbar på spreng for å kunna tilby reisande og næringsliv miljøvennleg transport igjen på strekninga, seier Bjurstrøm.


Publisert: 30. oktober 2023 klokken 16:05

Oppdatert: 2. november 2023 klokken 20:29