No er megakrana ferdig montert

Alt er no klart til å heisa bruelementa opp frå Gudbrandsdalslågen.

  • Ekstremværet Hans
  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 23. oktober 2023 klokken 15:46

Oppdatert: 26. oktober 2023 klokken 14:25

Megakrana er montert ved Randklev bru

Megakrana er montert ved Randklev bru Foto: Andrew Jørgensen, Nordic Unmanned

(Me har installert eit webkamera ved brua. Her kan du følgja status for førebuingane til å løfta bruelemtene på land(åpnes i ny fane).)

Arbeidet med å montera megakrana starta måndag, og er no ferdig. Det er leverandøren av krana, BMS Heavy Cranes AS som har montert den. Delane til krana kom på meir ein 80 lastebilar mellom torsdag og søndag førre veke.

Bruelementa til Randklev bru blir løfta opp av Gudbrandsdalslågen og lagt på land i veke 44.

 - Me førebur no løfteoperasjonen av dei to bruelementa, som kvar veg 270 tonn. Dette er neste steg for å sørgja for at folk skal kunna reisa miljøvennleg med tog gjennom Gudbrandsdalen igjen. Til å hjelpa oss med dette har me måtta leiga ei stor kran frå Danmark då det ikkje finst store nok kraner til ein slik løfteoperasjon i Noreg, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane NOR.

Ble frakta med båt frå Danmark

Den store krana kom med lasteskipet Wilson Flew IV til Ormsund kai i Oslo Havn onsdag kveld førre veke. Leverandøren vår held til i Danmark, og krana vart transportert på båt til Oslo. 

Arbeidet med å lossa båten starta torsdag 19. oktober, og dei første vogntoga med krandelar kom til Ringebu torsdag ettermiddag. Meir enn 80 lastebilar har frakta krandele frå Oslo til Ringebu, og den siste bilen kom søndag.

Krana som skal nyttast er ein Liebherr LR 11350. Den kan løfta 1350 tonn. Megakrana kjem i mange delar, og blir frakta på lastebilar til Ringebu. Der blir den montert, og skal stå på ei utfylling i Gudbrandsdalslågen slik at ho kan løfta bruelementa på land.

Båten med krandelane blir lossa på Oslo Havn.

Båten med krandelane blir lossa på Oslo Havn. Foto: Nils Maudal, Bane NOR

Megakrana veg 1450 tonn

Den store krana har ei totalvekt på ca. 1450 tonn, og blir operert av ein sjåfør som sit inne i krana. Ein Supervisor er på plassen og dirigerer han.

Kranbommen, som skal løfta bruelementa, har ei lengd på 84 meter. Den har ein kløftekapasitet på 329 tonn på 58 meter, som er avstanden frå senter kran til løfta, det vil seia den midtarste bruseksjonen til Randklev bru.

Megakrana blir montert.

Megakrana blir montert. Foto: Henrik Wedum, Bane NOR.

Me har leigd krana frå BMS Heaavy Cranes AS, og det er Crane Norway som skal montera krana og løfta bruelementa opp frå elva.

- Når me har løfta bruelementa på land blir dei to fagverka undersøkte for eventuelle skadar. Me har etablert eit område ved elva der elementa blir lagde slik at me får ei optimal innsikt i kva som skal til for å reparera dei, og utføra jobben på staden, seier Bjurstrøm.

Randklev bru sør for Ringebu fekk store skadar i samband med ekstremvêret «Hans». Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta vart øydelagde, og dermed seg to av bruelementa ut i elva.

 - Me jobbar på spreng for å kunna reetablera brusambandet over elva slik at me kan køyra gjennomgåande tog på Dovrebanen så raskt som mogleg. Viss me kan bruka bruelementa igjen, byggja opp eit nytt fundament og løfta bruelementa på plass igjen vil det ta kortare tid før me kan opna opp Dovrebanen for gjennomgåande trafikk enn om me må byggja heilt ny bru, seier Bjurstrøm.

Den store krana er klar til å heise bruelementane på land.

Den store krana er klar til å heise bruelementane på land. Foto: Henrik Wedum, Bane NOR

Dei to mobilkranene jobba torsdag med montering av løfteanordningar på fagverk.

Dei to mobilkranene har torsdag jobba med montering av løfteanordningar på fagverk. Foto: Henrik Wedum, Bane NOR


Publisert: 23. oktober 2023 klokken 15:46

Oppdatert: 26. oktober 2023 klokken 14:25