Godstiltak mellom Oslo og Bergen

Me arbeider med å styrkja kapasiteten for godstrafikk mellom Oslo og Bergen. Først legg me til rette for lengre godstog ved å forlengja tre kryssingsspor på Dale, Veme og Sandermosen.

  • Planprosjekt
  • Bergensbanen
  • Gjøvikbanen
Bilde som viser jernbanespor og veibru i vakkert landskap

Det er et mål å flytte mer godstransport fra vei til bane. Foto: Bane NOR

På denne siden:

Om prosjektet

Det er eit klart mål å flytta meir av godstransporten i Noreg frå veg til bane, og Bergensbanen er ei strekning som har stort potensial for vekst i andelen gods. Strekninga er tungt trafikkert, og derfor er det nødvendig å forlengja eksisterande kryssingsspor for å styrkja kapasiteten.

Bane Nor skal forlengja kryssingsspora på tre stader mellom Oslo og Bergen; Dale, Veme og Sandermosen. Dei tre kryssingsspora skal forlengjast for å kunna brukast av godstog som er 640 meter lange. Prosjektet er no i ein planleggingsfase, og planen er å gjennomføra bygging og ta i bruk dei nye spora før 2033. Bygging føreset at dei nødvendige midlane blir løyvde.

Dette arbeidet er ein del av tiltaka i ein større pakke som skal gi ei nasjonal tilbodsforbetring for godstrafikk, med ein 31% auke i godsmengda innan utgangen av 2033.

Dale kryssingsspor

Dale kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 430 meter. Det ligg ved Dale stasjon på Bergensbanen, i Vaksdal kommune i Vestland fylke. Terrenget på Dale er krevjande, både bratt og skredutsett. Før bygging kan gjennomførast må me vurdera skredfare og kva tiltak som eventuelt er nødvendige.

Veme kryssingsspor

Veme kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 330 meter. Det ligg ved nedlagde Veme stasjon på Bergensbanen, i Ringerike kommune, vest for Hønefoss i Viken fylke. Veme ligg i eit område der det kan vera førekomst av kvikkleire. Det blir nødvendig å utføra grundige geotekniske grunnundersøkingar før bygging.

Sandermosen kryssingsspor

Sandermosen kryssingsspor har i dag ei lengd på ca. 515 meter. Det ligg ved Sandermosen stasjon på Gjøvikbanen, som no er nedlagt for av- og påstiging for passasjerar. Sandermosen ligg i Maridalen i Oslo kommune, noko som betyr at prosjektet må ta omsyn til Markaloven.

Status

Kontaktinformasjon

Ta kontakt om du har nokre spørsmål om prosjektet. Me ber pressa om å kontakta kommunikasjonsrådgivaren vår direkte.

Siste nytt