Gjenoppbygging av Randklev bru
Randklev bru i Ringebu kommune vart teken av flaum og øydelagt etter ekstremvêret «Hans» herjingar på Austlandet og derfor er delar av Dovrebanen er stengt for togtrafikk. Me har førebels ingen prognose for når me kan opna strekninga for trafikk.

Randsklev jernbanebru over Gudbrandsdalslågen i Ringebu ble hardt skadd under ekstremværet Hans. Nå vurderer Bane NOR ulike muligheter for å erstatte brua. Foto: Anne Kirkhusmo, Bane NOR
På denne siden:
Om prosjektet
Randklev bru er ein 172,5 meter lang fagverkbru av stål, med tre like lange spenn. Brua vart bygd i 1957 og er direktefundamentert på elvebotnen. Dei store vassmassane i Gudbrandsdalslågen under ekstramvêret "Hans" førte til skadar på det midtarste brufundamentet som igjen førte til at at den midtre delen av brua rasa ned i elva.
Arbeidet med å undersøkja skadeomfanget og byggja opp att brua starta umiddelbart etter at skadane oppstod. Me kan ikkje seia noko om kor lang tid det vil ta før sambandet over Lågen er retta opp igjen, men det er på det reine at dette vil ta lang tid.
Følg utbetringane av Randklev bru Sjå bilete frå webkamera
Me har montert eit webkamera som tek bilete kvart 10. minutt. Her kan du følgja med på utbetringane etter ekstremvêret Hans.

Fleire moglege løysingar
I arbeidet med å reetablera jernbanesambandet over Gudbrandsdalslågen jobbar Bane Nor med tre moglege løysingar parallelt:
- reparasjon av dagens bru
- byggja mellombels bru
- byggja heilt ny bru
Eit av alternativa som er vurderte har vore å flytta togtrafikken over på vegbrua. Anten ved å byta ut vegdekket med skjener, eller ved å byta ut vegbrua med ei mellombels bru, på dagens fundament.
Undersøkingar har avdekt at utgravinga av fundamenta til vegbrua også er store. Det sørlege fundamentet har så store erosjonsskadar at det står i fare for å velta. Det betyr at det er behov for ei tidkrevjande og stor oppgradering av dagens fundament før det eventuelt kan setjast trafikk på brua. Derfor er det ikkje mogleg å få opp denne løysinga særleg raskare enn reparasjon av dagens jernbanebru.
Me har også gjort ei førebels berekning av bruoverbygningen på vegbrua, som viser at ho er heilt i grenseland for å tola dagens togtrafikk på Dovrebanen, med låg fart. Begge desse to faktorane gjer at me no reknar at å bruka vegbrua som mellombels jernbanebru mindre aktuelt.
Bane Nor jobbar med eit mest sannsynleg senario der me kan gjenbruka eksisterande bruelement og slepp å byggja ei ny bru. Dette vil gi ei vesentleg raskare framdrift til gjenopning enn ny bru. Bane Nor jobbar likevel parallelt med eitt konkurransegrunnlag for å byggja ny bru, gitt at eksisterande bru ikkje kan gjenbrukast.
Alternativ trafikkavvikling
Dovrebanen går over Randklev bru og det betyr at denne delen av strekninga ikkje kan trafikkerast. Det er derfor sett inn buss for tog på strekninga mellom Lillehammer og Dombås.
Les meir om trafikkavviklinga på SJ.no
(åpnes i ny fane)
.
Godstrafikken på Dovrebanen er mellombels flytta over på Rørosbanen.
Les meir om at godstrafikk er flytta til Rørosbanen
.
Kontakt

Trine Bratlie Evensen
Kommunikasjonssjef Utbygging
Pressekontakt
NB! Privatpersoner skal kontakte Kundeservice i åpningstiden.
Henvendelser fra presse og media håndteres av pressevakten i Bane NOR. Spørsmål fra presse og media utenom arbeidstid, kan rettes til pressevakten.
Nyheiter frå prosjektet
Markedsdialog for ny Randklev bru
Bane NOR arrangerer de nærmeste ukene markedsdialog med entreprenører for ny Randklev bru.

Begge bruelementa er heva på land
No er også det andre bruelementet til Randklev bru løfta på land. Det er eit viktig steg for igjen å kunna opna togtrafikken gjennom Gudbrandsdalen.

Åpner for tog mellom Ringebu og Dombås
Fra og med mandag 30. oktober går togene mellom Ringebu og Dombås igjen, og det blir da kun buss mellom Lillehammer og Ringebu.
