Rekordstort ønske om fleire togavgangar

No blir ruteplanen for 2024 lansert. Togselskapa vil køyra fleire tog: på fire år har søknadene auka med 20 prosent. Problemet er at det ikkje er plass ute i sporet.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 17. oktober 2023 klokken 14:02

Mange folk går ut av eit tog på plattforma på Oslo S.

Politikarane, togselskapa og Bane Nor ønskjer at så mange som mogleg skal velja klimavennlege togtransport kvar dag. Denne satsinga har gitt oss fleire avgangar, mange reisande og meir godstransport på jernbanen. Foto: Hilde Lillejord, Bane NOR

Det er Bane NOR som lagar ruteplanar for person- og godstog i Noreg. Togselskapa søkjer oss om avgangane dei vil køyra på rutene sine, og me prøver å få det til. I 2024 er likevel etterspurnaden langt større enn kapasiteten på jernbanen.  

– Me er glade for at stadig fleire vil reisa miljøvennleg med tog, og transportera gods på skjener. Problemet er at det har vorte for trongt om plassen. Det går også utover punktlegskapen og vår evne til å handtera hendingar i trafikken, fortel Henning Scheel, konserndirektør Kunde og marknad i Bane Nor.

Jernbanen er etterspurd

I juni skreiv me ei sak om at kapasiteten på jernbanen er sprengd frå Lysaker til Bodø, og frå Oslo til Kongsvinger og riksgrensa.

– Derfor blir det ikkje ein stor auke i tilbodet i 2024 og fleire strekningar blir erklærte overbelasta, fortel Scheel.

Ruteplanen for 2020 vart laget i desember 2019 då auken på jernbanen var stor og korona var eit ukjent fenomen. I år har togselskapa søkt om nesten 20 prosent fleire avgangar, samanlikna med den gong.

Køyrar i kø på skinna

Politikarane, togselskapa og Bane NOR ønskjer at så mange som mogleg skal velja klimavennlege togtransport kvar dag. Denne satsinga har gitt oss fleire avgangar, mange reisande og meir godstransport på jernbanen.

Samtidig blir punktlegskapen dårlegare. Feil ute i sporet fører til fleire forseinkingar enn før. Det er rett og slett fordi det går fleire tog på skinna. Ein stopp i trafikken forplantar seg og får konsekvensar for fleire avgangar.

Det kan samanliknast med når ein bil får motorstopp i rushtida, og køen hopar seg opp på vegane. Forskjellen er at 95 prosent av det norske jernbanenettet er enkeltsporet.

– Det er Bane NORs mål at ni av ti persontog skal gå i rute. Det er vanskeleg med dagens trafikkmengd på vår gamle og stort sett enkeltspora jernbane. Forseinkingane plagar oss, fordi me veit at kvar hending påverkar folks avtalar og gjeremål seier Scheel.

Portrett av Henning Scheel.

Henning Scheel, konserndirektør Kunde og marknad i Bane NOR. Foto: Aksel Jermstad, Bane NOR

Påverkar folks avtalar og gjeremål

I tillegg slit den store trafikkmengda ned infrastrukturen raskare enn me har klart å halda han ved like.

Bane NORs innspel til Nasjonal transportplan i år var at me ønskte å prioritera punktlegskapen, rusta opp jernbanen og auka kapasiteten i sporet. Uvêret «Hans» og styrtregnet i august viser kor viktig det er at me gjer ein stadig større del av spora flaum- og rassikre.

– Utfordringa er å finna balansepunktet mellom kapasitetsutnytting og punktlegskap. Me vil køyra flest mogleg tog, så punktleg som mogleg. I tillegg må jernbanen haldast ved like, så situasjonen ikkje blir forverra. Det krev eit godt samarbeid mellom Jernbanedirektoratet, togselskapa, og oss, seier Scheel.

Tilstanden på dagens jernbanenett i tal

  • Jernbanen i Noreg består av 4200 kilometer med spor.
  • Eitt persontog erstattar om lag 600 bilar, medan eitt godstog fjernar rundt 30 lastebilar frå vegane.
  • 94 prosent av det norske jernbanenettet er enkeltsporet. Seks prosent er dobbeltspor.
  • Over 90 prosent av det norske jernbanenettet vart bygget for meir enn 60 år sidan, og ein stor del av jernbanen er langt eldre.
  • Etterslepet på vedlikehald (altså kor mykje pengar som skulle vore brukt for å setja heile den norske jernbanen i god stand) vil ved utgangen av 2023 vera på over 31 milliardar kroner. Dette beløpet aukar år for år.
  • 21 prosent av jernbanenettet treng fornying, viste rapporten «Infrastatus 2022», som vart offentleggjort i juni.
  • Ny ruteplan trer i kraft søndag 10. desember og gjeld for eitt år.

Publisert: 17. oktober 2023 klokken 14:02