Søknad om køyring på Rallarvegen

For køyring med motorkøyretøy på Rallarvegen må du ha løyve. Sett deg inn i gjeldande reglar, og søk om løyve her.

Utsynsbilete langs Rallarvegen med syklistar langs eit fiskevatn.

Syklistar og turgåarar har fyrsteprioritet på Rallarvegen. Foto: Svein Ulvund, Bane NOR

Rallarvegen er eit kulturminne som vi må ta vare på. Målet er å avgrense køyring med motoriserte køyretøy så mykje som mogleg. Alle som vil køyre på vegen, må ha køyreløyve frå Bane NOR.

Merk! Du må søkje køyreløyve for kvar einskild oppdrag eller sesong.

Verna område

Strekninga Finse – Vatnahalsen/Myrdal er føreslått verna i "Nasjonal verneplan for jernbanens kulturminner".

På grunn av dette betraktar vi delar av vegen som verna inntil det er godkjent. Motoriserte køyretøy skadar vegen og det er kostbart å reparere. Vi må prøve å avgrense skader ved å være restriktive med tildelingar.

Som hovudregel gir vi berre løyve til køyring når det er behov for å transportere utstyr eller materiell som ikkje kan transporteres på annan måte. Oppdrag som varer fleire dagar må løysast ved å ta tog eller overnatte på arbeidsstadet.

Næringsdrivande (sauarbønder, kraftselskap, hotell, turisthytter) vil få godkjent sesongløyve. I tillegg til dette, blir det gitt løyve berre for nødvendig transport, det vil seie frakt av materiell som ikkje kan transporteres med tog eller snøskuter.

Søk om køyreløyve på Rallarvegen

Mer informasjon

I søknaden må du oppgi følgjande:

  • Namn, adresse, telefonnummer og e-post
  • Strekning
  • Biltype og registreringsnummer (inkludert tilhengar)
  • Begrunnelse for køyringa
  • Dato frå og til/periode