Assistanse på stasjonane

Treng du assistanse på jernbanestasjonen?

Bane NOR garanterer at kundar som tingar assistanseteneste minimum 24 timar før togreise vil få assistanse på det tidspunktet dei ønsker. Dersom assistanseteneste blir tinga seinare enn 24 timar før reisa, vil Bane NOR forsøke å hjelpe, men kan ikkje garantere tenesta.

Følgjande stasjonar har tilbod om assistanseteneste:

Oppmøtetid

Tilrådd oppmøtetid er 30 minutt før ordinær avgangstid. Billett må tingast hos togselskapa. 

Rullestol

Informasjon om plass til rullestol og assistanseteneste om bord i tog finn du her:

Slik tingar du assistanseteneste:


Telefontinginga er betent:

Måndag til fredag 08.00 - 19.00 
Laurdagar og sundagar/heilagdagar 09.00 - 15.00

Opplysningar

Ved tinging må det opplysast om:

  • Namn
  • Telefonnummer
  • Assistansebehov
  • Avreisestasjon og ønskt møtestad på stasjonen
  • Innkomststasjon
  • Tidspunkt for avreise og innkomst
  • Eventuelt andre opplysningar