Bane NOR gjer som Bjørnson – vel seg april

I mai blir dobbeltsporet opna mellom Bergen og Arna. For å komma i mål med arbeidet, må me fyrst stengja delar av jernbanen for trafikk i april.

  • Bergensbanen

Publisert: 21. mars 2024 klokken 12:47

Tre mann i gult vernetøy skodar utover spora på jernbanen nær Bergen stasjon.

Me skal arbeida i sporet på delar av Bergensbanen, og må difor stengja fleire strekningar for togtrafikk. Foto: Agnes Alexandersson, Bane NOR

På Bergensbanen denne våren gjer me slik som Bjørnstjerne Bjørnson. Me vel oss april. Det er ikkje utan grunn. For når april blir til mai, skal det endeleg køyrast tog i begge tunnelane gjennom Ulriken. Berre ein liten sluttspurt står att.

Tidspunkt for stenging

For å koma i mål med den, må me stenga delar av Bergensbanen for trafikk. 
I fyrste omgang mellom Bergen og Dale, der bussar vil erstatta toga i perioden frå 10. – 16. april.

Frå måndag 22. april til fredag 26. april, vert det arbeid i sporet mellom Bergen og Voss. Arbeidet vil gå føre seg på dagtid, og inneber at togtrafikken på delstrekninga er innstilt.

Laurdag 27. og sundag 28. april er Bergensbanen stengt for trafikk mellom Bergen og Hønefoss. Vy vartar naturlegvis opp med alternativ transport for alle toga som ikkje kan køyrast som vanleg.

Omfattande vedlikehald

Samstundes med dei siste førebuingane til å ta i bruk begge tunnelane gjennom Ulriken, nyttar vi høvet til å gjere omfattande vedlikehald og naudsynte utbetringar som vil bidra til fleire tog i rute på Bergensbanen.

Ikkje gå i sporet

Me minner om at det er farleg og forbode å ferdast i, eller i nærleiken av jernbanespor og høgspenningsanlegg. Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog kva tid som helst.

Sjekk togselskapas nettstader

Når det går føre seg arbeid i sporet, kan ikkje toga køyrast som vanleg. Tog blir difor erstatta med buss. For fleire detaljer om alternativ transport, sjå togselskapas heimeside www.vy.no eller sjekk for fleire detaljer lenger ned i pressemeldinga.

Kontaktpersonar for media om arbeida:
Ingvild Eikeland, ingvild.eikeland@banenor.no, tlf. 982 49 707
Harry Korslund, harry.korslund@banenor.no, tlf. 916 55 989

Kontaktpersonar for media om buss for tog:
Linn Therese Blindheim, Vy tog Vest, linn.therese.blindheim@vy.no
Vy Persontog KundeserviceTlf. 61 05 19 10


Publisert: 21. mars 2024 klokken 12:47