Spøkelsestog stoppar trafikken – og det er akkurat slik det skal vera

Av og til trur signalsystemet at eit tog står på sporet, sjølv om det ikkje gjer det. Dette blir kalla eit «spøkelsestog» – og systema stansar trafikken til alt er kontrollert.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 31. oktober 2025 klokken 07:56

Jernbaneskinner i mørk tåke.

Tryggleiken kjem alltid først på jernbanen.

Marianne Henriksen, Bane NOR

Når systemet ser noko som ikkje er der

Eit spøkelsestog er ikkje eit verkeleg tog, men eit teknisk fenomen. Det oppstår når sikringsanlegget registrerer elektrisk kontakt mellom skjenene – slik det vanlegvis gjer når eit tog står på sporet – sjølv om det er tomt.
Årsaka kan vera fleire ting: bremsestøv og smuss som legg seg mellom skjenene, fukt, snø, vibrasjonar eller små elektriske forstyrringar.
– På jernbanespråket snakkar me om belegg eller blunkebelegg, forklarer Sindre Lundemo, Togdriftleder i Bane Nor.
– Systemet er svært følsamt, og det skal det vera. Det er betre at me får ein feil som stoppar trafikken mellombels, enn at me overser ein mogleg fare.

Tryggleiken først – alltid

Når eit sporfelt ser ut til å vera oppteke, viser signalsystemet automatisk raudt lys og stoppar annan trafikk. Dette kan føra til forseinkingar for toga som er i nærleiken, men er ein viktig del av tryggingsbarrieren i jernbanen.
– Sikringsanlegga våre er designa for å vera konservative, seier Sindre Lundemo. – Dei tek aldri sjansar. Dersom det finst den minste moglegheita for at eit tog kan stå på sporet, skal systemet behandla det som oppteke.

Eit lite «spøkelse» med ei viktig oppgåve

Eit spøkelsestog kan vera frustrerande både for dei som skal styra trafikken, passasjerar og togselskapa, men det viser at systema som overvaker jernbanen fungerer som dei skal.
Dei stoppar togtrafikken heller éin gong for mykje enn éin gong for lite – og slik skal det vera.
– Dette er ein del av eit tryggingsnivå me er stolte av, seier Lundemo. – Når teknologien reagerer, gjer han det for å verna både menneske og materiell.

Publisert: 31. oktober 2025 klokken 07:56