Slik rustar vi Bergensbanen mot ekstremvêr: – Amy vart ein test vi bestod

Stormen Amy førte til straumbrot, veltede tre, oversvømmingar og skadar på bygningar, men Bergensbanen var betre rusta enn under Hans, takka vere førebyggande arbeid.

  • Bergensbanen
  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 8. oktober 2025 klokken 15:12

Nattarbeid på jernbanen

Etter Hans og Vesle Hans har Bane NOR gjennomført tiltak fleire stader for å leie vatnet bort frå jernbanen, forteller Bane NORs Tor Veslegard.

Bane NOR

Ål stasjon er eitt av fleire stader der tiltak har sikra Bergensbanen mot ekstremvêr og oversvømming. Under stormane Hans og Vesle Hans i 2023 vart jernbanen fleire stader råka av store vassmengder. Ål stasjon var blant dei mest utsette, der både spor og signalanlegg vart sett under vatn, slik bileta viser.

Ekstremvêr krev ekstrem innsats

– Skadane under Hans kom på rundt ti millionar kroner. Men etter det har vi jobba kontinuerleg med drenering. Då Amy kom, var det ikkje noko problem. Det er ei stor seier, seier Bane NORs byggeleiar for tiltaka på Ål , Tor Veslegard.

Stormen Amy vart ein test – og banen bestod. Men arbeidet må halde fram.

– Kaldt blir kaldare, vått blir våtare, og tørt blir tørrare. Vi må rekne med vedlikehald for å sikre driftstrygg jernbane. Det er pengar spart og tryggleik investert, forklarer han.

Dette støttar konserndirektør for Drift og Vedlikehold i Bane NOR, Henning Bråtebæk, opp om:

– Det er avgjerande at vi held fram med å sette av midlar til drift og tiltak som dette, seier Bråtebæk.

– Slike investeringar er ikkje berre førebyggjande, dei er også samfunnsøkonomisk lønsame på sikt. Ekstremvêr, klimaendringar og endringar i terrenget rundt jernbanen gjer at vi må vere i forkant – ikkje på etterskot.

Samarbeid som gir gevinst

Ved Ål stasjon er det gjort tiltak i begge endar, og arbeidet held no fram på austsida. Samarbeidet med Ål kommune har vore avgjerande.

–Kommunen har hatt ansvar for prosjektering og nabohandtering, medan vi har stått for bygginga. Dei har brukt sine rammeavtaleleverandørar på hydrologi, og vi har gjennomført arbeidet, seier Veslegard.

Nokre stader må vatnet førast bort frå jernbanen eit godt stykke utanfor vårt eige område – då er godt samarbeid med grunneigarar ein stor fordel. Med Ål kommune har dette fungert svært godt.

Lokal kompetanse og klimasikring

Asplan Viak har stått for prosjektering, og Øynebråten Anleggsteknikk – ein lokal entreprenør – vann jobben etter stor interesse. Tiltaka er dimensjonerte for 200-årsflaum med klimapåslag.

– Vi må trekkje tiltaka opp i sideterrenget. Det er krevjande, men nødvendig. Moder jord ligg ikkje stille, og hogst for eksempel kan gi vatnet nye vegar, forklarar Veslegard.

I tillegg til prosjektet på Ål stasjon, har vi et gjennomgående dreneringsprosjekt som har pågått sidan 2019, frå Haugastøl  og gjennom tronge skjeringar og djupe dalar. No nærmar arbeidet seg Hønefoss.

– Vi har lagt inn mange overlaup og stikkrenner. Det er eit stort arbeid, men vi gjer det smart, i kortare periodar på natt og helg, når det ikkje går tog, seier Veslegard.

Slik rustar vi Bergensbanen mot ekstremvêr

Stormen Amy – ein test på beredskap

  • Traff Sør-Noreg i oktober 2025 med orkanvind og kraftig nedbør.
  • Nokre område fekk over 100 mm regn på 12 timar.
  • Bergensbanen heldt stand – takka vere førebyggande tiltak.

Tidlegare flaumar: Hans og Vesle Hans

  • I august 2023 vart fleire stader langs Bergensbanen råka av store flaumar.
  • Ål stasjon vart sett under vatn, og signalanlegg drukna.
  • Skadane kosta millionar og førte til stans i togtrafikken.

Tiltak for å sikre jernbanen

  • Dreneringstiltak er gjennomført på fleire utsette stader.
  • Stikkrenner leier vatnet under sporet.
  • Overløpsrør gir vatnet alternative vegar ved høg vassføring.
  • Grøfter og sideterreng blir forma for å hindre oppsamling og utgliding.
  • Tiltaka er dimensjonerte for 200-årsflaum med klimapåslag.

Kvifor er dette viktig?

  • Vatnet må renne unna raskt og trygt.
  • Det skal ikkje føre til skred, utgliding eller stenging av banen.
  • Nokre stader må vatnet førast bort frå jernbanen sitt område.
  • Då er godt samarbeid med grunneigarar avgjerande – ved Ål kommune har dette fungert svært godt.

 


Publisert: 8. oktober 2025 klokken 15:12