Bygging av nytt fundament er i gang

Måndag vart delar av det nye brufundamentet løfta ut i Gudbrandsdalslågen. Randklev bru er dermed eit viktig steg nærare opning.

  • Ekstremværet Hans
  • Nyheter og aktuelt
  • Gjenoppbygging av Randklev bru

Publisert: 29. januar 2024 klokken 16:54

Stor gul kran heiser senkekasse på plass under brua

Megakrana heiser senkekassa på plass Foto: Malin Moldeklev Meinhold, Sjøentreprenøren AS

Arbeidet med å byggja opp att Randklev bru sør for Ringebu går føre seg for fullt etter ekstremvêret «Hans» sine herjingar i august i fjor. Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva.
 
I dag løfta megakrana frå Danmark deler av det nye brufundamentet ut i Gudbrandsdalslågen; ei senkekasse på storleik med ein einebustad.
 
– Senkekassa er løfta ut der det gamle fundamentet stod, og skal fungera som forskaling og byggjegrop for det nye fundamentet som no skal byggjast og støypast. Det har i periodar vore veldig kaldt og utfordrande å jobba i elva, men no står senkekassa der takka vera dyktige folk frå entreprenørane me har med oss, seier prosjektleiar for gjenoppbygginga av Randklev bru, Eivind Aslaksen Hamre.
 
Det nye fundamentet blir bygd etter dagens tekniske krav, og er dimensjonert for ein 200-årsflaum.

Stor kul kran heiser senkekasse mot brua

Senkekassa heises ut i elva Foto: Malin Moldeklev Meinhold, Sjøentreprenøren AS

Reparerer bruelementa

I slutten av november vart det klart at bruelementa kunne gjenbrukast. Sidan då har prosjektet jobba med å reparera skadane, gjennom utbytting eller retting av delane som er deformerte.
 
Skadane er i hovudsak samla i endene av bruspenna der dei hamna i elva, og der dei vart rivne laus. Den sida av bruspenna som stod igjen fekk også skadar som følgje av kreftene som var i sving.

Erosjonssikring av elvebotnen

I samband med oppbygginga av Randklev bru skal også elvebotnen og fundamenta blir sikra mot erosjon og undergraving. Metoden for dette blir kalla «plastring», som i stor grad går ut på å fylla delar av elvebotnen med stor stein som blir lagt ut systematisk. Dette sørgjer for at elvebotnen blir stabilisert, og er den metoden som er mest motstandsdyktig mot kreftene i elva.
 
Framdrifta på prosjektet går etter planen. Slik det ser ut no kan me frakta personar og gods klima- og miljøvennleg med tog gjennom Gudbrandsdalen igjen før sommaren.

Den gule megakrana heiser på plass senkekassa i fugleperspektiv

Senkekassa er like stor som ein einebustad. Foto: Malin Moldeklev Meinhold, Sjøentreprenøren AS

Følg med på arbeidet med Randklev bru fra webkamera

Vi har montert webkamera i forbindelsene med utbedringene av Randklev bru som fikk hard medfart under ekstremværet Hans.
Her ser du bilder og kan følge med på arbeidet fremover.


Skrevet av:

  • Kirsten McDonagh

Publisert: 29. januar 2024 klokken 16:54