Me skal bidra til ein berekraftig transportsektor

Her finn du Bane NORs årsrapport for 2022. Der spår me ei framtid der fleire reiser med tog og meir gods blir flytta frå veg til bane.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 5. juni 2023 klokken 15:00

Henning Bråtebæk, konstituert konsernsjef i Bane NOR. Foto: Aksel Jermstad, Bane NOR

Dette er leiaren frå vår nyleg publiserte årsrapport.

Heile Bane NORs årsrapport for 2022 finn du her.

Som fersk konstituert konsernsjef i Bane NOR ynskjer eg først og fremst å takka avtroppande konsernsjef Gorm Frimannslund. Han har lagt ned ein stor innsats for jernbanen og Bane NOR. Sidan oppstarten i 2017 er det gjort mykje godt arbeid for å styrka både føretaket og våre anlegg. Det skal vidareførast. 

Før var eg administrerande direktør i Spordrift og kjenner derfor godt til samfunnets høge forventningar til jernbanen. Bane NOR skal fornya og modernisera, og me skal drifta den daglege togtrafikken. Jobben vår kan sjå enkel ut frå utsida. Gjennom eit grundigare blikk blir det likevel tydeleg kor komplekst og krevjande det er å vedlikehalde og betre dagens anlegg. Samstundes er det fullt forståeleg at passasjerane vil ha det togtilbodet dei betalar for. Me må erkjenna at jernbanen ikkje har levd opp til folks forventningar. 

Fjoråret enda med problem på den nye Follobanen. Den offisielle opninga 12. desember var ein festdag, men berre sju dagar seinare måtte vi stengja strekninga. I over to månader køyrde det ikkje trafikk gjennom Blixtunnelen. Det gjekk utover pendlarane, andre togpassasjerar og togselskapa.

I 2022 opplevde dei reisande også mange forseinkingar og innstilte avgangar. Målet er å alltid levera ein infrastruktur som sørgjer for stabil og påliteleg togtrafikk. Det klarte me ikkje i fjor.

Undersøkinga av Follobanen er i full gong. Me lyt læra av det som har hendt, og samstundes er det viktig at me ser framover. Bane NOR har eit betydeleg samfunnsansvar som fordrar at me hevar blikket og gjer jobben vår. For trass utfordringane på jernbanen; samfunnet er avhengig av ein fungerande, klimavennleg, energi- og arealeffektiv transport. Noreg treng jernbanen. Landet vårt treng meir utsleppsfri frakt av gods og folk. Det skal vi levera – saman med togselskapa. 

Sjølv utanfrå har eg ikkje unngått å leggja merke til innsatsen dei tilsette i Bane NOR la ned gjennom fjoråret. Eg ser kompetanse, profesjonalitet, og ein vilja til å lukkast. Det styrkar trua på framtida til norsk jernbane og Bane NOR. I vår verksemd er det dyktige og kunnskapsrike fagfolk. Me er tilsette som står på for kvarandre.

Eg er omgitt av kloke hovud, folk med dyktige hender og hjarta for jernbanen. I vår verksemd har me ein kultur frå tidligare tider, som går i arv frå erfarne folk til nytilsette kollegar. Jernbanen og vårt samfunnsoppdrag betyr mykje for oss. Det merkar alle som er i Bane NOR. 

Eg gler meg til vi ser effekten av dei mange punktlegskapstiltaka me no jobbar med. Det arbeidet er ein maraton, ikkje ein sprint. På sikt skal det redusera feila som dagens forelda infrastruktur fører til. For saman med oppdragsgivar og eiar må me sørgje for at den enkeltspora jernbanen vår ikkje blir stadig meir nedslite. Me må auka satsinga på fornying. Det vil ta fleire år, men når desse tiltaka fungerer saman – når dei utfyller kvarandre – vil me oppleva ein ny kvardag på jernbanen. 

Derfor spår me ei meir berekraftig framtid innan transportsektoren. Me spår betre punktlegskap. Me spår ei framtid der fleire reiser med jernbane og meir gods flyttast frå veg til bane. Me spår ei slik framtid, fordi me skal vere med å skapa ho sjølv.


Publisert: 5. juni 2023 klokken 15:00