Rehabilitering av tunnelar ved Mosby

Bane NOR svarer for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I løpet av våren og sumaren, utbetrar me Mosbytunnelen og Auklandtunnelen. Samstundes skal me fjerne mellomplattforma ved Mosby stasjon.

  • Agder
  • Nabovarsel
  • Sørlandsbanen
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 10. mai 2024 klokken 11:11

Arbeidet utførast av Banefjell AS på oppdrag frå Bane NOR, og femner mellom anna utbetring av betong samt løysningane for frost- og vassikring i tunnelane. I samband med arbeidet, vert det oppretta ein mellombels riggplass ved Mosby stasjon. Onsdag 22. mai, byrjar me arbeidet med å rigge denne plassen. Måndag 27. mai er me i gong med hovudarbeida som etter planen vil gå føre seg fram til slutten av august.

Arbeidstider

Arbeidet i tunnelane vil normalt gå føre seg i tida mellom 03.45 og 11.45. Arbeidet med å fjerne mellomplattforma vil gå føre seg på dagtid. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men noko støy og uvande lydar, må påreknast. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av dette.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på e-post til kundesenter@banenor.no.

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 10. mai 2024 klokken 11:11