Arbeid i sporet ved Stanghelle, Vaksdal og Romslo
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 22. til 28. april, skifter me ut skjener og sviller på tre utvalde delstrekningar.
Publisert: 18. april 2024 klokken 18:37
Måndag til fredag (22. – 26. april) vil arbeidet gå føre seg på dagtid mellom kl. 09.00 og 15.00. 27. og 28. april vil arbeidet gå føre seg døgnkontinuerleg frå midnatt natt til laurdag kl. 14.00 sundag ettermiddag.
Aktivitetane femner utskifting av sviller og skjener, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne, skjenegåande maskinar og ymse handverktøy. Det generelle støynivået vil være nokså moderat, men kortare periodar med noko kraftigare støy, knytt til kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast. Me ser oss lei for eventuelle ulemper knytt til verksemda.
Kvifor natt- og helgearbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 18. april 2024 klokken 18:37