Arbeid i sporet mellom Ganddal og Skeiane

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I perioden 23. – 27. oktober, vil det gå føre seg nattarbeid i sporet på delstrekninga mellom Ganddal og Skeiane.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 19. oktober 2023 klokken 09:08

Arbeidet som femner utskifting av mindre slitedelar (mellomlegg, klemmer og liknande), utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.20 og ca. kl. 04.45 dei aktuelle nettene i perioden. Slikt arbeid utførast med handemakt, og vil difor ikkje innebere særskilt mykje støy for omgjevnadane, anna enn uvande lydar knytt til bruk av handhalde verktøy som til dømes slegger.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)

Publisert: 19. oktober 2023 klokken 09:08