Nattarbeid i sporet ved Voss stasjon

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved verkstaden ved Voss stasjon skal me fjerne tre gamle sporvekslar.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 3. april 2024 klokken 09:52

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 06.00 natt til i morgon, torsdag 4. april. Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at støyen vil vere relativt moderat.

Me beklagar samstundes sein varsling, som skuldast at det opphavelege varselet diverre gjekk i gløymeboka av di vår kommunikasjonsrådgjevar retta mykje av merksemda si mot avsporinga ved Arna rett før påske.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 3. april 2024 klokken 09:52