Nattarbeid mellom Boganes og Jåttå, og ved Lura

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I perioden 31. oktober – 3. november, vil det gå føre seg nattarbeid i sporet på delstrekninga mellom Boganes og Jåttå, samt ved Lura.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 24. oktober 2023 klokken 11:58

Arbeidet som femner utskifting av skjener, utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.30 og ca. kl. 04.30 dei aktuelle nettene i perioden. Det generelle støynivået, vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)

Publisert: 24. oktober 2023 klokken 11:58