Kveldsarbeid i sporet ved Voss stasjon 19. - 24. mars

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved verkstaden ved Voss stasjon skal me fjerne masser under spora for å gje plass til nye føringsvegar.  

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 11. mars 2024 klokken 15:03

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 15.00 og 01.00 kvar av dei fem døgna. Aktivitetane vil innebere periodar med relativt mykje støy, mellom anna knytt til bruk av ein såkalla pukksugar som fjernar pukk og masser under spora.

Me gjer merksam på at entreprenøren, vil freiste å innrette arbeidet slik at det blir minst mogleg støy i innsovningsperioda frå 23.00-01.00 dei einskilde kveldane.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 11. mars 2024 klokken 15:03