Sporarbeid mellom Vigrestad og Sandnes 20. mai – 17. juni
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I tida mellom 20. mai og 17. juni, vil det gå føre seg vedlikehald av sporet på utvalde deler av strekninga mellom Vigrestad og Sandnes.
Publisert: 15. mai 2025 klokken 13:01
Slik skal me jobba
Tid og stad
Frå tysdag 20. mai til tysdag 17. juni
Mellom Vigrestad og Sandnes
Dette skal me gjera
Arbeidet femner mellom anna utskifting av skjener samt lasting og transport av gamle skjener til Skeiane. Der blir skjenene brend/kappa, og seinare sendt vidare for å bli smelta om og gjenbruka. Dette arbeidet vil gå føre seg i tida mellom 19.45 og 22.45, men ikkje i helgane.
Arbeidet ute på strekningane, vil stort sett gå føre seg i tida mellom kl. 22.00 og 07.00. I samband med Kristi Himmelfart og pinsehelga, gjeld andre arbeidstider (sjå lenger ned).
Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat, og at aktivitetane heile tida vil flytte seg frå stad til stad, noko som gjer at periodane med støy blir relativt kortvarige.
Arbeidstider i samband med Kristi Himmelfart
Natt til 29. og 30. mai går arbeidet ute på delstrekningane føre seg i tida mellom ca. kl. 23.30 og 04.45.
Arbeidstider i samband med pinsehelga
Natt til 7. og 9. juni; Kl. 23.25 – 06.20
Natt til 8. juni; Kl. 24.00 – 09.00
Natt til 10. juni; Kl. 23.25 – 04.45
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
NB!
Me tek atterhald om at framdrifta på arbeida kan bli endra på kort varsel dersom det oppstår uventa hendingar.
Meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse SB-202505-002 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 15. mai 2025 klokken 13:01