Sporarbeid mellom Orstad og Ganddal 13. - 20. mai
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I tida mellom 13. og 20. mai, vil det gå føre seg vedlikehald av sporet på delstrekninga mellom Orstad og Ganddal.
Publisert: 8. mai 2025 klokken 11:40
Slik skal me jobba
Tid og stad
Frå tirsdag 13. mai til tirsdag 20. mai
Mellom Orstad og Ganddal
Dette skal me gjera
Arbeidet femner mellom anna utskifting av skjener samt lasting og transport av gamle skjener til Skeiane. Der blir skjenene brend/kappa, og seinare sendt vidare for å bli smelta om og gjenbruka. Arbeidet vil stort sett gå føre seg i tida mellom kl. 22.00 og 06.00, men natt til 17. mai vil det berre gå føre seg arbeid i sporet mellom 02.15 og ca. 06.00. Natt til 18. mai, skjer arbeidet i sporet mellom kl. 02.15 og 09.00.
Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat, og at aktivitetane heile tida vil flytte seg frå stad til stad, noko som gjer at periodane med støy blir relativt kortvarige.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
NB!
Me tek atterhald om at framdrifta på arbeida kan bli endra på kort varsel dersom det oppstår uventa hendingar.
Meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse SB-202505-001 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 8. mai 2025 klokken 11:40