NTNU-studentar, hydrolog og teknologi i lagspel for ein tryggare jernbane

Denne sommaren har to NTNU-studentar arbeidd side om side med hydrologen vår, Geir Vatne. Saman kombinerer dei ny fagkunnskap, erfaring og teknologi for å gjere jernbanen betre rusta mot ekstremvêr.

  • Nyheter og aktuelt
  • Miljø og bærekraft

Publisert: 15. september 2026 klokken 10:08

Biletmontasje med hydrologen ved ei stikkrenne og studentane ute i felt.

Hydrolog Geir Vatne og NTNU-studentane Håkon (t.v.) og Jarne. – Vi har fått brukt fagkunnskap, både ute i felt og på kontoret. Vi har sett stor pris på både kollegaene og arbeidsoppgåvene, seier Håkon. 

Foto: Marianne Henriksen, Bane NOR

Langt inne i det grøne landskapet langs Dovrebanen sildrar vatnet gjennom ein bekk nedanfor jernbanelinja. Fuglesongen blir broten av eit tog som passerer i det fjerne. Rundt oss står vegetasjonen tett etter ein sommar med mykje nedbør.

Følgjer vatnet for å forstå risikoen

Her stoppar ein av Bane NOR sine hydrologar, Geir Vatne, ved det som ved første augekast ser ut som ei heilt vanleg stikkrenne. For han er dette eitt av mange punkt som fortel historia om korleis vatnet beveger seg gjennom landskapet og korleis endringar kan få store konsekvensar for jernbanen.

Litt til side for stikkrenna står det han eigentleg ønskjer å vise fram: Ein ny overvåkingsstasjon.

Ulike sensorar overvaker vasstand og nedbør kontinuerleg. Dersom det kjem mykje nedbør, eller vasstanden stig raskt, tek eit kamera bilete. Saman med måledata blir dei sende til ei skyløysing. Der blir informasjonen tilgjengeleg for driftspersonell og hydrologar. Dette kan gi avgjerande kunnskap når regnet verkeleg set inn.

Får sjå kunnskapen i bruk

Ved sida av står sommarstudentane Jarne Kristoffer Andersen-Nerby og Håkon Fodstad Bredesen. For dei er dette eit konkret møte mellom det dei lærer på NTNU og utfordringane jernbanen møter ute i den verkelege verda.

– Eg synest dette er ein veldig meiningsfull jobb. Vi får vere med og gjere jernbanen betre rusta mot naturfarar, seier Jarne.

– Vi ønskjer å arbeide med samfunnstryggleik og problemstillingar som har betydning for mange menneske. Her får vi sjå korleis kunnskapen faktisk blir brukt i praksis, seier Håkon.

Når vatnet varslar

Geir demonstrerer korleis overvåkingsstasjonen fungerer.

Ein solcelle- og batteridriven sensor for vasstand, saman med kamera, følgjer med på forholda i stikkrenna og sender bilete og måledata direkte til fagmiljøa dersom vasstanden aukar mykje.

– Når stikkrenna er 60 prosent full, går det ein alarm og stasjonen byrjar å sende data hyppigare. Då kan vi følgje situasjonen og vurdere kva tiltak som eventuelt er nødvendige, fortel Vatne.

Løysinga gjer det mogleg å følgje utviklinga utan nødvendigvis å sende personell ut i krevjande vêrforhold.

– No får vi informasjon via bilete og måleverdiar direkte inn på kontoret og kan gjere vurderingar derfrå, seier han.

[Saka held fram under.]

Personen og måleutstyret på oversida av steinmuren der vatnet renn ut frå jernbanefyllinga.

Hydrolog Geir Vatne monterer ein målestasjon ved ei gammal steinkiste (stikkrenne) på Bolstadøyri langs Bergensbanen.

Foto: Bane NOR

Frå måling til handling

Dataa blir ikkje berre brukte når ekstremvêret kjem. Informasjonen gir eit betre grunnlag for beredskap, vedlikehald og framtidige investeringar i dreneringssystem langs jernbanen.

– Vi bruker dataa til å sjå samanhengen mellom nedbørsmengder og vassføring i stikkrennene. Slik kan vi forbetre flaumberekningane våre og dimensjonere nye stikkrenner under banen betre, forklarer Vatne.

Samtidig gir dataa eit nytt grunnlag for læring, både for erfarne fagmiljø og for studentane som skal føre kunnskapen vidare.

Kunnskap i begge retningar

For Jarne og Håkon handlar sommaren om å få erfaring som det er vanskeleg å hente frå forelesingssalen aleine, samstundes som dei tek med seg ny kunnskap frå universitetet inn i arbeidskvardagen.

– Du får mykje meir praktisk erfaring enn det ein klarer gjennom studia åleine, seier Håkon.

For Geir Vatne er turane ut i terrenget ein viktig del av samarbeidet med sommarstudentane. Feltarbeidet blir ein arena for både læring og innovasjon.

– Når studentar og erfarne fagfolk arbeider saman ute i felt, oppstår det nye spørsmål, nye perspektiv og nye måtar å forstå utfordringane på, seier hydrologen.

Samarbeidet går begge vegar. Studentane bidreg med nye perspektiv og den ferskaste kunnskapen frå universitetet, medan Geir deler erfaringar frå mange år med hydrologi og naturfarearbeid langs jernbanen. 

Slik blir kompetansen bygd som skal bidra til å gjere jernbanen tryggare og meir robust i møte med framtidas klima. For sjølv om bekken sildrar fredeleg gjennom stikkrenna no, veit Geir at situasjonen kan sjå heilt annleis ut når kraftige regnskyll fyller nedbørfeltet på få timar.

Fakta: Slik fungerer overvåkingsstasjonane

  • Kamera og sensorar følgjer med på vasstand og nedbør ved stikkrenner langs jernbanen.
  • Når vasstanden når førehandsdefinerte nivå, blir det sendt alarm.
  • Dataa blir brukte til beredskap, vedlikehald og flaumberekningar.
  • Stasjonane gir informasjon utan at personell må sendast ut under ekstremvêr.
  • I Trøndelag er det etablert om lag 40 til 45 slike målestasjonar som del av pilotarbeidet.

Vil du vite meir?

I denne filmen gir hydrolog Geir Vatne eit meir detaljert innblikk i korleis overvakingsløysinga fungerer.

Slik forebygger vi togstans med smart flomovervåking  (lenke til YouTube)Ekstern lenke


Skrevet av

  • Marianne Henriksen

Publisert: 15. september 2026 klokken 10:08