Kjempar mot flaum på Bergensbanen

Bolstadøyri stasjon ligg på Bergensbanen mellom stupbratte fjell på eine sida og fjorden på den andre. Dei siste åra har jernbanesporet stadig vore overflødd her, seinast no i februar. Med det nye overvatnsystemet som blir bygd i desse dagar, er det sannsynlegvis siste gongen.

  • Nyheter og aktuelt
  • Bergensbanen

Publisert: 4. mai 2026 klokken 14:03

Prosjektleiar Kristian Agledal i Bane NOR leiar arbeidet med å byggje nytt overvatnanlegg på Bolstadøyri. 

Foto: Ingvild Eikeland, Bane NOR

Sikrar banen mot våtare vêr

-    Det gamle anlegget har ikkje klart å ta unna store nedbørsmengder, og vi har hatt jamlege flaumar som har stansa togtrafikken og øydelagt tekniske installasjonar i sporet, fortel prosjektleiar Kristian Agledal i Bane NOR.

-    Det nye overvatnanlegget er dimensjonert for ein 200-årsflaum, med ekstra påslag for klimautviklinga.

Europaveg og jernbane side om side

Som så mange stader langs Bergensbanen, ligg bilvegen og jernbanen langsmed kvarandre på Bolstadøyri. Vegen ligg høgare i terrenget enn banen, og med eit felles røyr med for liten dimensjon ut av nedbørsområdet, hopar vatnet seg opp på jernbanen.

Med den nye løysinga går overvatnet i kvar sine røyr under E16, og kapasiteten aukar betrakteleg. Tidlegare hadde ein eitt røyr med 1 meter i diameter på deling, medan Bane NOR no får sitt eige røyr med same dimensjon, og Vegvesenet får eit røyr på 1,2 meter i diameter på dei om lag 200 meterane vidare ned til Bolstadfjorden. 

I tillegg blir det nye, store samlekummar både på opp- og nedsida av vegen.   

Avansert boremetode

For å få på plass nye røyr under Europavegen, har ein nytta såkalla røyrpressing, der metallrøyr blir ført inn i grunnen bak eit roterande borhode.

Ved å nytte denne metoden unngjekk ein å stengje den sterkt trafikkerte vegen slik ein måtte gjort dersom røyra skulle gravast ned.

-    I dette tilfellet bora vi to 40 meter lange stålrøyr i oppoverbakke under E16, og er veldig fornøgd med at vi klarte å halde jamn avstand mellom røyra fram til oppsida av vegen, fortel anleggsleiar i Veidekke, Øyvind Myrvollen, som gjennomfører prosjektet for Bane NOR.  

Del av eit større dreneringsprosjekt 

Det nye overvatnanlegget på Bolstadøyri er ein del av eit prosjekt på heile Bergensbanen, der ein kartlegg kvar det er mest behov for ekstra drenering og set inn tiltak der. Mellom anna er det lagt inn nye og større såkalla stikkrenner under spora mange stader.

Dreneringsprosjektet har allereie gitt gode resultat, til dømes unngjekk Ål stasjon for første gong på mange år flaum under ekstremvêret Amy i fjor haust.


Publisert: 4. mai 2026 klokken 14:03