På rekordtid har Bane Nor bygd ein mellombels verkstad i Bodø. Verkstaden gir gode føresetnader for togtrafikk på Nordlandsbanen, både for reisande og godstrafikken .
-Dette er ein skikkeleg festdag for alle som er avhengige av Nordlandsbanen – anten dei reiser, fraktar gods eller jobbar i trafikken. Togtilbodet blir mykje meir robust, og med verkstaden på plass i Bodø styrkjer vi beredskapen. At dette er etablert på så kort tid er ein imponerande prestasjon, seier regiondirektør i Bane Nor, Thor Brækkan.
Styrkte beredskap for heile regionen
Skridd ved Nesvatnet, 30. august i fjor ramma togtrafikken på heile Nordlandsbanen. Dette førte også til at SJ Nord mista moglegheita til å sende toga som var på nordsida av skredet, på verkstad, inntil i dag. SJ er leigetakar i verkstaden, og selskapet har allereie teke i bruk anlegget.
-Det har vore avgjerande for oss å leggje til rette for at SJ Nord så raskt som mogleg fekk tilgang til verkstad på nordsida av skredet. Toga som var nord for skredet var utan moglegheit til å nå sine ordinære verkstad i på Støren og i Trondheim. Dette har prega både driftsstabiliteten og tilbodet til dei reisande, men i dag kan vi stolt presentere ei veldig god løysing, seier Brækkan.
Med den nye verkstaden på plass kan vedlikehald av togsetta på Nordlandsbanen gjennomførast direkte i Bodø. Dette vil bidra til mykje betre driftsstabilitet styrkt beredskap – særleg viktig på ei strekning der vêr, geografi og avstand gjer robust infrastruktur avgjerande for reisande og godsnæringa.
Bygd på rekordtid
Den mellombelse verkstaden vart ferdigstilt i løpet av berre 12 veker, og har involvert fleire lokale og regionale aktørar som har bidrege med kompetanse og stor kapasitet. Eit godt samarbeid på tvers i sektoren har bidrege til å ferdigstille prosjektet. Dagens opning markerer ein meir stabil, føreseieleg og robust togtrafikk i nord.
-Tidsramma for prosjektet viser kor viktig det er å ha infrastrukturen på plass. Dette har vore heilt nødvendig for å unngå langvarige driftsbrot, seier Brækkan.
