Brannen har påført skadar på kontaktleidningsanlegget på strekninga. Fagmiljøa og våre beredskapsressursar våre har vore på staden for å opne strekninga så raskt som mogleg. Torsdag morgon går toga som normalt igjen.
– Kontaktleidningen som førar straum til toga, var skadd. Rundt 150 meter av den måtte bytast ut. Vi måtte få inn ny køyreleidning og alt anna som var skadd som høyrer med anlegget før vi kunne starte igjen, seier Anders Halland, driftsleiar i Bane NOR. - Ei av vognene var så øydelagde at han ikkje kunne trekkjast på skjenene, men måtte bli løfta vekk av gravemaskiner.
Brann 7. april
Tysdag 7. april klokka 16.30 vart det meldt om røykutvikling i bakarste vogn i Vy tog 602 frå Bergen til Oslo. Toget vart stansa ved gamle Bromma stasjon. Dei tre bakarste vognene vart kopla av, og resten av togsettet køyrde bort frå området.
Ombordpersonalet i Vy gjennomførte ei kontrollert evakuering av passasjerane, samtidig som nødetatane rykte ut med store ressursar. Brannen spreidde seg i dei tre fråkopla vognene. Brannvesenet fekk kontroll på brannen like etter klokka 18.00. Dei siste passasjerane vart henta frå staden og frakta vidare rundt klokka 19.30.
Onsdag morgon var Statens havarikommisjon på staden for å undersøkje toget, før vi kunne fjerne det og reparere infrastrukturen.
