Drift og vedlikehald av Forsvarets nye jernbanevogner

Vi har inngått avtalar med Forsvarsmateriell og Forsvaret om eigarskap, drift og vedlikehald av 50 nye jernbanevogner til Forsvaret. Vognene er spesielt utvikla for å frakte Noregs nye stridsvogn Leopard 2 A8 NOR, og den første kjem i 2026.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 12. mai 2026 klokken 16:48

Njål Svingheim, Jernbanedirektoratet
Dei nye jernbanevognene har ei lasteevne på over 100 tonn og kan dermed frakte Noregs nye stridsvogner Leopard 2 A8 NOR, noko vognene som Forsvaret bruker i dag ikkje kan.
– Evna til å flytte tyngre militært materiell på jernbane i Noreg og mellom dei nordiske landa er avgjerande for vår felles forsvarsevne. Desse nye avtalane vil bidra til å styrkje forsvarsevna, dei er eit resultat av nasjonalt og nordisk samarbeid om totalforsvar og sivilmilitær transportberedskap, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
ForsvarsmateriellEkstern lenke, Forsvaret og vi i Bane NOR har hatt eit mangeårig samarbeid knytte til vedlikehald og drift av Forsvarets eksisterande vognmateriell. Den nye avtalen mellom partane omfattar drift og vedlikehald av dei nye jernbanevognene som no blir skaffa til Forsvaret, og av dei eldre vognene som på sikt skal fasast ut.

-Vi er ein del av Noregs beredskap og speler ei viktig logistikkrolle, fortel Eivind Bjurstrøm, som har ansvar for strategisk planlegging og driftstenester i Bane NOR. - Som forvaltar av jernbanen har vi ei sentral rolle i å halde samfunnet i gang, men også i å sørgje for at Forsvaret har materiell som er godt vedlikehald og klart til bruk.

Tenesteleveranseavtalen som også er inngått inneber at Forsvaret skal leige 10 av dei 50 nye vognene for ca. 16,5 millionar kroner årleg. Dei resterande 40 vognene skal også leigast av Forsvaret og er eigde av oss.

Nordisk avtale om mobile lasteramper

Det er også inngått ein ny, felles nordisk samarbeidsavtale mellom oss i Bane NOR og Forsvaret i Noreg, Danmark, Finland og Sverige om anskaffing av mobile lasteramper til dei nye jernbanevognene. Lasterampene vil bidra til ein meir effektiv og fleksibel laste- og losseprosess for tyngre forsvarsmateriell på jernbanetransportar. Lasterampene er baserte på ein prototype som vart utvikla, testa og verifisert i 2025.
– Desse nye avtalane bidreg til ei stor forbetring av kapasiteten for militær transport på jernbanen både i Noreg og Sverige, og til andre land i Europa, seier direktør Gro Jære i Forsvarsmateriell.

Første vogn kjem til sommaren

Leveransen av dei nyutvikla jernbanevognene for transport av tyngre militært materiell skjer gjennom ein nordisk samarbeidsavtale som vart inngått mellom Forsvarsmateriell, Forsvaret, svenske Försvarsmakten og oss i Bane NOR i 2024.  Avtalen omfattar ei felles anskaffing av til saman 120 jernbanevogner, der 50 går til Noreg og 70 til Sverige.
Dei nye jernbanevognene kjem frå det finske selskapet VR Fleetcare og etter planen skal selskapet levere den første vogna i løpet av sommaren 2026. Eit vidare tal vil bli levert innan våren 2027.
VR Fleetcare er dotterselskap av det statseigde finske jernbaneselskapet VR og har lang erfaring med produksjon og vedlikehald av jernbanevogner.

Publisert: 12. mai 2026 klokken 16:48