Meir enn 99 prosent av toga mellom Arna og Bergen i rute

No er meir enn 99 prosent av toga mellom Arna og Bergen i rute, medan fleire enn ni av ti tog er i rute på Follobanen og Østfoldbanen.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 23. mai 2025 klokken 10:58

Passasjerar går av toget på Arna stasjon

Passasjerar går av toget på Arna stasjon Foto: S.Bjerkvik, Bane NOR

Togpassasjerane mellom Arna og Bergen og mellom Oslo og Østfoldbyene har fått ein betre kvardag etter at dobbeltsporet Arna-Bergen opna i mai i fjor, og Blixtunnelen vart gjenopna. 95 prosent av toga på linje R23 mellom Ski og Oslo S har vore i rute i år. Også på fleire andre linjer i denne regionen er fleire enn ni av ti tog i rute. Punktlegskapen for persontog i Noreg varierer frå strekning til strekning; og Østfoldbanen, Follobanen og strekninga Arna - Bergen har flest tog i rute i landet. 
Det har i tillegg vore svært få innstillingar mellom Arna og Bergen både i fjor og så langt i år. Punktlegskapen på denne strekninga har dermed betra seg mykje etter at det nye dobbeltsporet vart opna for eit år sidan.  
- Me ser ein positiv effekt av nye dobbeltspor fleire stader i landet, som gir ein mykje betre stabilitet og kapasitet på jernbanen. Før opninga av dobbeltsporet var strekninga mellom Arna og Bergen ein flaskehals for både person- og godstrafikken. Me er derfor svært fornøgde med at det vorte lettare og meir effektivt å reisa her for både passasjerane og dei som fraktar gods med toget, seier Hans Gunnar Dokken, regiondirektør i Sør – Vest i Bane Nor.

Andre tiltak har også påverka punktlegskapen til toga

Bane Nor har dei siste åra også gjennomført større fornyingstiltak som har bidrege til å betra punktlegskapen. I 2021- 2022 fornya me jernbanespor, sporvekslar og kontaktleidningen på Østfoldbanen mellom Ski og Oslo S. I Blixtunnelen skifta me i fjor straumlinene i taket av tunnelen, som gir straum til toga, for å betra straumforsyninga. Me tetta også mindre lekkasjepunkt i tunneltaket. Me gjennomfører også årleg mindre vedlikehaldstiltak i heile Østfold.
Toget køyrer inn på Ski stasjon

Toget køyrer inn på Ski stasjon Foto: Terje Borud, Bane NOR

- I forkant av vinteren i år var me også betre førebudde enn året før på ekstremt vintervêr. Betre brøytekapasitet, bemanning og ikkje minst at me på dagar der det var varsla veldig mykje snø og sterk vind reduserte talet på avgangar på Austlandet og tynna ut trafikken. Det gjekk tog på alle linjer, og dei kom og gjekk som dei skulle med berre minimale forseinkingar, seier Lars Berge regiondirektør i Stor-Oslo i Bane Nor.
Me bruker også meir pengar på såkalla førebyggjande vedlikehald, og i år bruker me 61 millionar kroner på Østfoldbanen til å oppdaga og retta potensielle feil for å førebyggja stans i togtrafikken.
Mann i gule arbeidsklær med jernbaneskinner i bakgrunnen.

Lars Berge er regiondirektør i Stor-Oslo i Bane Nor. Foto: Hedda Nossen, Bane NOR

Punktlegskapen varierer frå strekning til strekning

Punktligheten for persontog i Noreg varierer frå strekning til strekning. Samla sett har 88,2 prosent av persontoga vore i rute hittil i år, medan både  strekninga Arna-Bergen og Østfoldbanen har over 90 prosent punktlege tog. 
I fjor var det både fleire reisande og fleire avgangar med persontog. Det var 83 millionar togreiser i 2024, som er 5 millionar meir enn i 2023. Dei siste åra har også talet på avgangar og passasjerar auka. I fjor vart det køyrt 460 000 persontog mot 400 000 for to år sidan.
- Heile jernbanesektoren jobbar for at flest mogleg person- og godstog skal trafikkera ute på jernbanen, og at toga skal komma og gå i rute. Transportsektoren står for ein firedel av Noregs utslepp, medan jernbanen er nærast utsleppsfri og arealeffektiv. Når toga går ofte og presist blir det meir attraktivt å velja toget, seier Dokken.
Portrettbilde av mann.

Hans Gunnar Dokken er regiondirektør i Sør - Vest i Bane NOR. Foto: Bane NOR


Publisert: 23. mai 2025 klokken 10:58