Bruk opp- og nedpilene for å se gjennom, og Enter for å velge.
Godt førebudd på normalt og ekstremt vintervêr
Klimaendringene gir meir ekstremvêr, med hyppigare og kraftigare vind og periodar med utfordrande vinterforhold. Framfor vinteren har vi rusta oss med Europas kraftigaste snøryddemaskiner og ein metode for å styra togtrafikken slik at flest mogleg tog køyrer og kjem fram i rute på dagar med krevjande vêr.
Nyheter og aktuelt
Publisert: 3. desember 2025 klokken 07:09
På Alnabru har vi nye og kraftigare snøryddemaskiner som gir betre kapasitet på plass. Christian Iversen, arbeidsplanleggjar på Alnabruterminalen og Tormod Bergerud, leiar for Operativ støtte i Region Stor-Oslo i Bane NOR.
Foto:
Harry Korslund, Bane NOR
Førebuingane til vinteren har gått føre seg i lengre tid og er i rute. Rundt om i landet har vi på plass tolv nye og kraftigare snøryddemaskiner som gir betre kapasitet, og som er eit supplement til dei snøryddingsmaskinene me har frå før. Vi har også meir ryddeutstyr som sporrensere, snøfresarar og børstar.
I tillegg er tre Beilhack klare til bruk i vinter medan ein ny også blir testa ut. Beilhackene skal brøyta snø på høgfjellet på Bergensbanen og på Nordlandsbanen, og på andre strekningar ved behov. Dei er ekstra kraftige snøryddemaskiner med ein motor for framdrift og ein annan for freseaggregatet som kan fjerne opptil 14.000 tonn med snø i timen. Dei nye Beilhackene er dei einaste i sitt slag i Europa.
- Når det snør på Austlandet, har me dagleg alt frå 1 til 12 kraftige brøytemaskiner ute samtidig for å rydda vekk snø frå skjenegangen og halda jernbanen open for toga. Vinterturnusen vår med skiftordning har starta, så me er ein god del folk som er klare til å halda jernbanen fri for snø og is i vinter. Alt av brøyteutstyr er testa og klart for bruk, og me er vande til at det i periodar både snør mykje og er kaldt, seier Christian Iversen, arbeidsplanleggjar på Alnabruterminalen til Bane NOR.
I Vestfold og på Sørlandsbanen tok me i bruk nye og kraftige snøryddemaskiner i fjor.
LT 18 er ein kraftig skjenegåande snøryddingsmaskin som kan fjerne mykje snø på jernbanen.
Foto:
Harry Korslund, Bane NOR
Ny metode for togtrafikken ved ekstremt snøfall
I etterkant av kvar vinter evaluerer me og gjennomfører tiltak for å kunna takla vinterutfordringar endå betre neste sesong. I fjor vinter innførte me ein ny metode for trafikkavvikling som gjorde det mogleg å halda alle banestrekningane på Austlandet opne for toga sjølv på dagar med ekstremt vintervêr. I staden for å stansa all trafikk, reduserte me talet på avgangar, men heldt oppe drifta på alle strekningar. Resultatet var at toga kom fram med berre små forseinkingar. No samarbeider me med togselskapa for å vidareutvikla denne metoden, slik at me kan køyra flest mogleg tog på dagar med varsla sterk vind og ekstremnedbør.
- Me har tru på at tiltaka gjer oss godt rusta framfor vinteren, sjølv om me ikkje kan rå over vêret og garantera at vinteren i år blir heilt utan utfordringar. Det er viktig for oss å gjera gode førebuingar og vera i forkant, og slik at passasjerane og dei som fraktar varer med toget blir minst mogleg påverka av dagar og periodar med ekstremt vintervêr. Når me køyrer færre tog slepper me også fleire brøytemaskiner til i sporet, seier Henning Bråtebæk, konserndirektør Drift og Vedlikehald i Bane NOR.
Henning Bråtebæk, konserndirektør Drift og Vedlikehold i Bane NOR.
Foto:
Aksel Jermstad, Bane NOR
Sporvekslar sårbare – har installert nye varmeanlegg
Sporveksler er særleg sårbare for kombinasjonen sterk vind, snø og kulde. Snøfokk og kulde gjer at dei lett fyller seg med snø og isklumpar som fell av toga, og då får me ikkje nytta desse før dei er rydda. På fleire av strekningane våre på Austlandet, i Vestfold og nokre stader på Sørlandet har me i år installert nye sporvekselsvarmeanlegg. I tillegg til betre varmefordeling med nye varmeelement, gir dei nye sporvekselsvarmeanlegga moglegheit for å fjernstyra varmen og dermed auka effekten når det blir varsla mykje snø, sterk vind og kulde.
Sporvekselsvarme blir overvakt digitalt for å fanga feil tidleg og utbetra dei.
- Når det er varsla ekstremt vintervêr så erfarte me også i fjor at det var formålstenleg å redusera bruken av talet på sporvekslar, i tillegg til å ha auka bemanning ved dei som var i bruk for å sikra at desse kunne haldast opne slik at toga kom fram, seier Bråtebæk.
Betre førebudd på Alnabru
Alnabru i Oslo er navet for godstrafikken i heile landet. Det er viktig at spora og terminalen blir halden fri for snø og is. I fjor var det enkelte dagar der det tok for lang tid å få brøyta på Alnabru, noko som førte til forseinkingar og innstillingar i godstrafikken. Nytt framfor vinteren i år er at me har utvikla og bruker ei ny prioritering for avvikling av godstrafikken på Alnabru.
- Alnabru er hjartet for godstrafikken i Noreg, og det er viktig at terminalen er open for å halda godstrafikken i gang i heile landet. Me har saman med godstogselskapa planlagt og laga ei tydelegare prioritering for avvikling av godstrafikken på dagar med ekstremt vintervêr slik at flest mogleg godstog kan køyra inn og ut av terminalen som planlagt også på desse vinterdagane, seier Tormod Bergerud, leiar for Operativ støtte i Region Stor-Oslo i Bane NOR.
Christian Iversen, arbeidsplanleggjar på Alnabruterminalen og Tormod Bergerud, leiar for Operativ støtte i Region Stor-Oslo i Bane NOR er godt førebudde foran årets vinter.
Harry Korslund. Bane NOR
Vegetasjonsrydding
På Sørlandsbanen har vi særleg utført eit større omfang av vegetasjonsrydding i forkant av vinteren for å førebyggja at tre fell over sporet og køyreleidningen og stoppar trafikken. Dette jobbar me framleis med då dette er eit langsiktig arbeid.