Bane NOR vertskap for europeisk ERTMS-samling
For å få til ein felles jernbane i Europa, må me ha eit felles signalsystem. I midten av juni møttest representantar frå 12 europeiske land i Oslo for å diskutera vegen vidare for det.
- Nyheter og aktuelt
Publisert: 30. juni 2025 klokken 14:58

ERTMS Users group var samla hos Bane NOR i juni. Foto: Marianne Henriksen, Bane NOR.
For 30 år bestemde EU at European rail traffic management system (ERTMS) skulle vera standarden for signalsystem i jernbanen i Europa. ERTMS Users group (EUG) vart oppretta for å samla landa og arbeida for at systemet blir rulla ut mest mogleg effektivt. EUG har kontor i Brussel og feirar i år 30-årsjubileet sitt.
Unikt i Noreg
Kvart år samlast toppleiinga i dei europeiske ERTMS-programma til generalforsamling i eit av medlemslanda. I 2025 var det Noregs tur.
– Me har ein framtidsretta arkitektur og programstruktur i Bane Nor som fleire av dei europeiske kollegaene våre ser til. Derfor vart me også tildelt den europeiske Rail Trailblazer Award for nokre år sidan. Noreg banar veg internasjonalt med våre val, og blir verkeleg lagt merke til. I tillegg har me ein topp moderne og unik campus på Nyland. Der driv me opplæring, testing, utvikling og ombygging av tog som er heilt unikt i europeisk samanheng, forklarer Sverre Kjenne, administrerande direktør for EUG.
Kjenne var tidlegare konserndirektør for digitalisering og teknologi i Bane Nor.

Sverre Kjenne, administrerende direktør for ERTMS User group. Foto: Aksel Jermstad, Bane NOR.
Les også: Bane NOR-ekspert henta til europeisk samarbeid
Ein felles og fremtidsretta arkitektur
Kvart år samlast toppleiinga i dei europeiske ERTMS-programma til generalforsamling i eit av medlemslanda. I 2025 var det Noregs tur.
– Me har ein framtidsretta arkitektur og programstruktur i Bane Nor som fleire av dei europeiske kollegaene våre ser til. Derfor vart me også tildelt den europeiske Rail Trailblazer Award for nokre år sidan. Noreg banar veg internasjonalt med våre val, og blir verkeleg lagt merke til. I tillegg har me ein topp moderne og unik campus på Nyland. Der driv me opplæring, testing, utvikling og ombygging av tog som er heilt unikt i europeisk samanheng, forklarer Sverre Kjenne, administrerande direktør for EUG.
Kjenne var tidlegare konserndirektør for digitalisering og teknologi i Bane Nor.

ERTMS Users group besøkte Campus Nyland og trafikksentralen då dei var i Oslo. Foto: Nina Aasmundsen, Bane NOR.

Foto: Nina Aasmundsen, Bane NOR.

Foto: Marianne Henriksen, Bane NOR
Deler erfaringer og løysingar
I dette arbeidet speler EUG ei nøkkelrolle, som koordinator og brubyggjar mellom infrastruktureigarar i ulike land.
Samarbeidet sørgjer for at ulike behov og erfaringar blir tekne med i utviklinga av det nye felleseuropeiske systemet. Kostnadseffektivitet står høgt på dagsordenen i alle landa, og på dette området er det mykje erfaring å henta frå land som er i ulike fasar.
– Sjølv om Noreg ikkje har like mange kilometer med ERTMS som til dømes Sveits, Danmark eller Belgia, har me mykje å bidra med. Og me har mykje å læra. Derfor er EUG ein viktig møteplass. Her deler landa erfaringar og løysingar, frå planlegging til ferdig utrulling, forklarer Kjenne.
Viktig for Noreg
Utover generalforsamling og strategidiskusjonar hos Bane Nor, har EUG vore på ei omvising på togleiarsentralen og besøkt kompetansesenteret Campus Nyland.
Tilbakemeldingane frå deltakarane er positive, og fleire vurderer å følgja løysingane som er valde i Noreg.
– Gjennom mange år har me lært mykje av dei andre medlemslanda. Bane Nor sender kvart år fleire tilsette på kurs for å byggja kompetanse og forstå ERTMS endå betre. No speler Noreg ei viktig rolle i EUG gjennom leiing og ei aktiv rolle i erfaringsutveksling, seier Kjenne.
ERTMS Users group
Publisert: 30. juni 2025 klokken 14:58