Vilkår for alternativ overnatting
Desse vilkåra gjeld om du som nabo får tilbod om alternativ overnatting betalte for av Bane NOR på grunn av støy frå anleggs- eller vedlikehaldsarbeid.
På denne sida:
Bane Nor tilbyr overnatting ved støyande nattarbeid
Når Bane NOR utfører støyande arbeid om natta, som overskrid tillatne grenseverdiar i Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442/2021(opnes i ny fane), tilbyr Bane Nor alternativ tilhaldsstad for å sikra nattesøvn.
Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt, dekkjer Bane NOR berre overnatting. På hotell der dette blir tilbode, er frukost inkludert. Ved innkvartering i leilegheitshotell eller hotellrom utan frukost, blir ikkje dette kompensert. Kva romtype som Bane Nor tilbyr, avheng av tilgjengelegheit og avstand.
Bestilling
All bestilling av alternativ overnatting må gå via Bane NOR. Vi betaler ikkje for hotell du har bestilt sjølv.
Dobbel bestilling
Pass på at berre ein i husstanden sender inn bestillingsskjema på vegner av alle i husstanden. Dersom det blir sendt inn fleire skjema frå same husstand/doble bestillingar, blir de fakturerte for den ekstra bestillinga eller avbestillingsgebyr.
Avbestilling og endring
Alle avbestillingar og endringar av dato for opphald må gå via Bane NOR. Du kan ikkje avtala dette direkte med hotellet.
Ved endringar mindre enn to arbeidsdagar før innsjekk, må du ringja Bane NOR kundesenter.
Ved endringar meir enn to arbeidsdagar før innsjekk, kan du senda e-post til Bane NOR ved å svara på hotellstadfestinga du har fått, utan å endra emnefeltet.
Kompensasjon
Bane NOR tilbyr berre hotellovernatting, ikkje annan kompensasjon eller andre løysingar.
Hotellval
Du kan ikkje velja hotell sjølv. Bane NOR vil booka hotell så nær bustad som mogleg. Av og til kan det næraste tilgjengelege hotellet vera eit stykke unna.
Stadfesting
Du må få ei skriftleg stadfesting (e-post) frå Bane NOR om kva hotell du skal bu på, tidsrom og talet på rom før du kan sjekka inn på hotellet.
Du er sjølv ansvarleg for å få e-poststadfestinga med hotellbestillinga. Sjekk at du får automatisk svar frå Bane NOR innan ti minutt etter at du har kontakta oss via kontaktskjemaet. E-poststadfestinga med hotell blir send på same måte. Hugs å sjekka søppelpost.
Betalingskort
Du må registrera eit betalingskort på hotellet ved innsjekking og sjølv betala for mat, drikke, minibar, betaling-TV, reins/vask av klede, eventuelle skadar på rom eller inventar, bruk av SPA-avdeling dersom det er tilgjengeleg.
Byte av rom eller hotell
Det kan vera nødvendig å byta rom eller hotell i løpet av opphaldet. Du får beskjed om dette i e-poststadfestinga frå Bane NOR.
Manglande innsjekk
Om du ikkje sjekkar inn på avtalt dato, vil resten av opphaldet ditt bli kansellert, og du blir fakturert for éi natt.
Bruk av vidaresend kode
Om du bruker ein kode du har fått vidaresendt av andre til å booka hotell, og ikkje har teke imot tilbod om alternativ overnatting direkte frå Bane NOR, blir du fakturert for opphaldet.
Overlating av rom til andre
Bane NOR vil fakturera deg for opphaldet om du overlèt rommet ditt til andre.
Innsjekka rom som ikkje er i bruk
Om du ikkje bruker hotellrommet, blir resten av opphaldet kansellert og du blir fakturert for tillagde kostnader.
Om du sjekkar inn utan å nytta hotellrommet, vil du bli fakturert for dei netta hotellrommet ikkje er i bruk, med mindre du gir beskjed til Bane NOR på førehand og deretter sjekkar ut av hotellet før kl. 11.
Tilleggstenester på hotellet blir ikkje
Bane NOR dekt dekkjer ikkje andre hotellfasilitetar, tilbod eller kostnader som ikkje er nemnde i punkta over, til dømes:
- Reins/vask av klede
- Minibar
- Betaling-tv
- Eventuelle skader på rom eller inventar
- Bruk av SPA-avdeling dersom det er tilgjengeleg