Siste etappe frå Bergen til Arna i haust
Frå 16. oktober stansar passasjertoga i åtte veker for at vi skal bygge siste del av dobbeltsporet frå Bergen til Arna.
Publisert:
Sist oppdatert:

I haust skal Bane NOR bygge nye spor og signalanlegg i Bergen mens bana er stengt for passasjerar. Foto: Helene Foldnes Skage, Bane NOR
Siste periode med langvarig stenging
Dette er siste lange stengeperiode før vi opnar dobbeltsporet til Arna til våren, og ein får avgangar kvart kvarter på strekninga.
Vi har stor forståing for at dette er til ulempe for dei reisande, men ved å stenge i ein samanhengande periode reduserer vi talet på dagar med stenging totalt sett.
Eivind Farestveit Larsen, prosjektsjef
I tillegg til å bygge ei mengde nye spor på Bergen stasjon, skal eit nytt signalanlegg komme på plass mens bana er stengt for trafikk.
Omfattande arbeid
Planlegginga og bygginga av dobbeltsporet mellom Bergen og Arna har gått over fleire år, og det er mykje som skal klaffe i stengeperioden. På det meste vil meir enn 200 arbeidarar vere i sving.
Spora på den 1,3 kilometer lange strekninga blir bygd i løpet av dei første 14 dagane, og eit titals sporvekslar blir òg montert då.
Deretter skal ein installere nytt signalsystem, og teste at systemet fungerer som det skal. Bygge- og testperioden for signalsystemet vil vare i om lag 4 veker. Det er òg nødvendig å teste alle elektriske installasjonar på strekninga grundig før togtrafikken kan starte igjen.
Etter planen skal bana opne att 10. desember.
Datoar og tider for stenginga
- Frå 16. oktober kl. 06.00 til 19. oktober kl. 05.00 er det stengt mellom Bergen og Voss.
- Frå 19. oktober kl. 05.00 til 20.november kl. 08.00 er det stengt mellom Bergen og Arna.
- Frå 20. november kl. 08.00 til 10.desember kl. 02.00 er det stengt mellom Bergen og Trengereid.
Buss for tog
I perioden med arbeid i sporet blir toga erstatta med buss. Bruk reisesøket i Vy-appen eller på vy.no for å sjå detaljar om reisa di.
Husk å rekne ekstra tid på reisa når det er buss for tog, og følg dei gule skilta ved stasjonen.