Vegetasjonsrydding Jåttåvågen - Stavanger
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald langs Sørlandsbanen. Helgen 29. – 30. april vil det gå føre seg vegetasjonsrydding langs jernbanespora på delstrekninga mellom Jåttåvågen og Stavanger.
Publisert:
Vegetasjonsryddinga vil gå føre seg på dagtid (07-19) laurdag og sundag. Aktiviteten vil innebere støy og uvante lydar, mellom annet knytt til bruk av skinnegåande maskiner, motorsager og ryddesager. Me beklagar eventuelle ulempa som følge av arbeidet, men understrekar at arbeidet jamt vil flytte seg, noko som bidreg til at periodane med særleg sjenerande støy vil vere relativt kortvarige. Me gjer merksam på at det kan bli noko aktivitet knytt til transport/fjerning av tømmer på kveldstid, men det vil ikkje innebere særskilt mykje støy.
Kvifor ryddar me vegetasjon?
God kontroll på vegetasjon og ettervekst er viktig av mange grunnar. Det bidreg mellom anna til å redusere riskoen for viltpåkøyrslar og trefall over spora. Samstundes bidreg det til å sikre at lokomotivførarane har god sikt til signalar og skilt langs spora. Det betrar og utsikta frå togvindauga og dermed ei betre reiseoppleving for folk som er på farten.
Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:
Tord Aasland
Nettskog AS
Mobil: 913 67 340