Sporarbeid ved Finse stasjon
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Finse stasjon skal me skifta ut ein sporveksel i austre ende av stasjonen.
Publisert:
Arbeidet utførast av Aarsleff Rail AS på oppdrag frå Bane NOR. Sjølve utskiftinga av vekselen skjer helga 8. – 10. september, men i dagane føre (6. – 8. september), vil det gå føre seg førebuingar til hovudjobben. Arbeidstida desse dagane vil være mellom 04.00 og 18.00.
Helgearbeidet tek til om lag kl. 22.00, fredag kveld og skal etter planen avsluttast om lag kl. 12.00, sundag formiddag. I kjølvatnet av hovudjobben, blir det eit par netter med avsluttande sveisearbeid samt opprydding.
Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr. Så langt det er praktisk råd vil entreprenøren freiste å innrette arbeidet slik at me unngår særleg støyande aktivitet i innsovningsperioden mellom 23.00-01.00.
Kvifor skifter me sporveksel?
Ved Finse stasjon er det tett trafikk av tunge tog som gjer at sporvekslar blir utslitne og difor må skiftast ut. Nye vekslar bidreg til betre kvalitet på spora, noko som mellom anna gjer at toga får ein jamnare og rolegare gonge.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til
kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)