Skogrydding Kristiansand - Nodeland

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald langs Sørlandsbanen. Frå 19. juli og fram til omkring månadsskiftet august-september, vil det gå føre seg vegetasjonsrydding langs jernbanespora på delstrekninga mellom Kristiansand og Nodeland.

  • Sørlandsbanen
  • Agder
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet vil gå føre seg på dagtid (07-18) alle dagar i den aktuelle perioden. Aktiviteten vil innebere støy og uvante lydar, mellom annet knytt til bruk av skinnegåande maskiner, motorsager og ryddesager. Me beklagar eventuelle ulempa som følge av arbeidet, men understrekar at arbeidet jamt vil flytte seg, noko som bidreg til at periodane med særleg sjenerande støy vil vere relativt kortvarige.

Kvifor ryddar me vegetasjon?

God kontroll på vegetasjon og ettervekst er viktig av mange grunnar. Det bidreg mellom anna til å redusere risikoen for viltpåkøyrsler og trefall over spora. Samtidig bidreg det til å sikre at lokomotivførarane har god sikt til signaler og skilt langs spora. Det betrar og utsikta frå togvindauga og dermed ei betre reiseoppleving for folk som er på farten.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:

Tord Aasland
Nettskog AS
Mobil:    913 67 340 (08-15)