Vegetasjonsrydding mellom Ganddal og Hinna

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald langs Sørlandsbanen. I perioden 20. – 26. september, vil det gå føre seg vegetasjonsrydding langs jernbanespora på delstrekninga mellom Ganddal godsterminal og Hinna.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Skogryddinga vil gå føre seg på dagtid (07-20) alle dagar i den aktuelle perioden. Aktiviteten vil innebere støy og uvante lydar, mellom annet knytt til bruk av skinnegåande maskiner, motorsager og ryddesager.

Me beklagar eventuelle ulemper som følge av arbeidet, men understrekar at arbeidet jamt vil flytte seg, noko som bidreg til at periodane med særleg sjenerande støy vil vere relativt kortvarige. Me gjer elles merksam på at det på nokre stader undervegs i arbeidsperioden, vil gå føre seg transport av trevirke med skjenegåande arbeidsmaskiner.

Kvifor ryddar me vegetasjon?

God kontroll på vegetasjon og ettervekst er viktig av mange grunnar. Det bidreg mellom anna til å redusere risikoen for viltpåkøyrsler og trefall over spora. Samtidig bidreg det til å sikre at lokomotivførarane har god sikt til signaler og skilt langs spora. Det betrar og utsikta frå togvindauga og dermed ei betre reiseoppleving for folk som er på farten.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:

Terje Nitschke, tlf. 908 29 299 (20. – 23. september)
Arve Hove, tlf. 970 82 233 (24. – 26. september)