Nattarbeid ved Trengereid stasjon veke 21 - 23
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Trengereid stasjon skal me skifta ut gamle skjener i spor 2.
Publisert:
Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner samt diverse handverktøy. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (20.00-08.00) måndag til torsdag dei aktuelle vekene.
Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøytar. Så langt det er praktisk råd vil entreprenøren freiste å innrette arbeidet slik at me unngår særleg støyande aktivitet i innsovningsperioden mellom 23.00-01.00.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)