Nattarbeid i sporet ved Ganddal

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I perioden 13. – 15. september, vil det gå føre seg nattarbeid i sporet ved Ganddal.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet som femner utskifting av mindre slitedelar (mellomlegg, klemmer og liknande), utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.20 og ca. kl. 04.45 dei aktuelle nettene i perioden. Slikt arbeid utførast med handemakt, og vil difor ikkje innebere støy for omgjevnadane, anna enn uvande lydar knytt til bruk av handhalde verktøy.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)

---

Kontaktperson (for Kundesenteret) Anleggsleder Kurt Jensen, tlf. 916 59 943