Nattarbeid i sporet ved Bulken stasjon 17.9. t.o.m. 30.9.

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Bulken stasjon skal me skifta ut masser under skjenene i spor 1 ved stasjonen.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner og skjenegåande spesialmaskiner. Arbeidet vil orsake støy mellom anna knytt til bruk av ein såkalla pukksugar som nyttast for å fjerne gamal pukk under spora.

Gjennom heile anleggsperioden vil ei arbeidsøkt typisk femne desse aktivitetane:

20.00 - 23.00:    Førebuingar og opprigging.
23.00 - 06.00:    Fjerning av pukk med pukksugar
06.00 – 08.00:   Opprydding og nedrigging

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)