Nattarbeid i sporet ved Varhaug
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I perioden 6. – 10. november, vil det gå føre seg nattarbeid i sporet på ei delstrekning rett nord for Varhaug.
Publisert: 2. november 2023 klokken 13:04
Arbeidet som femner utskifting av mindre slitedelar (mellomlegg, klemmer og liknande), utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.40 og ca. kl. 05.00 dei aktuelle nettene i perioden. Arbeidet kan innebere uvande lydar, men støyen vil ikkje være monaleg.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til
kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 2. november 2023 klokken 13:04