Nattarbeid mellom Stavanger og Sandnes

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Natt til fredag 8. september vil det gå føre seg transport og utlegg av nye skjener som seinare skal skiftast ut på strekninga mellom Stavanger og Sandnes.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.00 og ca. kl. 04.30 den aktuelle natta. Natteøkta byrjar ved Stavanger stasjon og flytter seg i retning Sandnes. Aktivitetane vil innebere støy og uvande lydar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men gjer samstundes merksame på at periodane med litt ekstra kraftig støy, vil være relativt kortvarige som fylgje av at mannskap og maskiner heile tida flytter seg.

Meir nattarbeid seinare i september

Dei nye skjenene som no vert lagt ut, skal erstatta gamle skjener på utvalde delar av strekninga mellom Stavanger og Sandnes. Etter planen skal dette skje frå 22. – 25. september. Me kjem attende med meir informasjon om desse arbeida etter kvart som det nærmar seg oppstart.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:

Christian Egeland Sjøthun
Byggeleiar
Mobil:    928 63 987 (08-15)