Nattarbeid mellom Skeiane og Boganes
Bane NOR har ansvaret for drift, vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. På utvalde deler av strekninga mellom Skeiane og Boganes har me behov for å skifte ut gamle skjener.
Publisert:
Arbeidet har gått føre seg sidan mars, og vil fortsette fram til utgangen av mai månad. Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og går føre seg i tidsrommet 00.30-04.30 (måndag-torsdag) dei aktuelle vekene. Laurdag 29. og sundag 30. april, vil det i tillegg bli arbeida med skjenebyte på dagtid (07-19).
Me har tidlegare informert om arbeidet, men feil avgrensing av varslingsområdet har diverre ført til at bebuarane på delstrekninga mellom Frøystad og Gauselvågen ikkje blei varsla. Me ser oss lei for manglande varsling, og ber om orsaking.
Arbeidet vil orsake støy knytt til bruk av dieseldrivne, skinnegåande spesialmaskiner samt utstyr for kapping av skinner og sliping av nye skjeneskøyter. Vi ser oss lei for ulempene, men strekar under at periodane med særleg kraftig støy vil være relativt kortvarige, mellom anna som fylgje av at arbeidet heile tiden flytter seg frå Skeiane i retning Boganes.
Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og forebyggande vedlikehald i periodar med liten/ingen trafikk bidrar vi til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar vert råka.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med:
Christian Egeland Sjøthun
Mobil: 928 63 987 (08-15)
E-post: sjochr@banenor.no