Sliping av skjener mellom Arna og Myrdal i haust
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Frå slutten av oktober til byrjinga av desember, vil det gå føre seg sliping av skjenene på delstrekninga mellom Arna og Myrdal.
Publisert: 24. oktober 2023 klokken 11:11
Arbeidet utførast av Speno International på oppdrag frå Bane NOR, og vil innebere støy og gnister knytt til bruk av skjenegåande spesialmaskin. Vi beklagar ulempene som følge av støy, men strekar under at støyen ikkje vil være konstant, men variere som følge av at maskiner og utstyr hele tiden flytter seg.
Base på Voss
Arbeidet vil gå føre seg med utgangspunkt i ein mellombels base på Voss, der mellom anna slitte slipesteinar skiftast ut fortløpande. Måndag-fredag slipar me i retning Myrdal. Resten av veka (fredag-måndag) slipar me i retning Arna.
Detaljer om arbeida
Spesialtoget held ein fart på om lag 6-7 km/t, og har slipesteinar som syter for betre sporkvalitet og auka levetid på skjenene. Like etter sliping kan lyden frå toga opplevast forskjellig, men etter nokre dagar vil omgjevnadene oppleve mindre støy frå togtrafikken.
Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar vert råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send ein e-post til
kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 24. oktober 2023 klokken 11:11