Natt- og helgearbeid ved Ål stasjon 20. - 22. september

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Helga 20. – 22. september, vil det gå føre seg arbeid ved Ål stasjon.

  • Bergensbanen
  • Buskerud
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 11. september 2024 klokken 14:59

Arbeidet femner mellom anna gravearbeid knytt til naudsynt reparasjon og oppgradering av stikkrenner i vestre ende av stasjonsområdet. Deler av arbeidet dreier seg om utbetring etter ekstremværet Hans, førre året. Hensikta er å syte for betre drenering av vatn og nedbør.

Arbeidet tek til om lag ved midnatt, natt til laurdag og vil gå føre seg kontinuerleg fram til om lag kl. 11.00, sundag føremiddag. Me veit ikkje sikkert, men kan ikkje utelukke at det vert naudsynt med noko sprengingsarbeid dersom me råkar på fjell i dei aktuelle områda.

Arbeidet vil innebere støy og uvande lydar mellom anna knytt til bruk av handverktøy og maskiner. Undervegs vil det være periodar med noko kraftigare støy. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at periodane med særleg mykje støy, vil være kortvarige. Så langt det er praktisk mogleg, vil vi elles forsøke å utføre særleg støyande arbeid på dagtid.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for mer informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Vær venleg å gje opp referanse BB-202409-003.

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)  


Publisert: 11. september 2024 klokken 14:59