Arbeid i sporet mellom Bolstadøyri og Evanger
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Denne veka går det føre seg sporarbeide på strekninga mellom Bolstadøyri og Evanger.
Publisert: 18. september 2024 klokken 11:51
Arbeidet femner utskifting av slitte skjener på strekninga. I perioden 16. – 20. september går arbeidet føre seg på dagtid (09-16). Frå 21. september kl. 21.00 til 23. september kl. 11.00, vil det bli arbeida døgnkontinuerleg.
Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter må påreknast. Me gjer merksam på at arbeidet flytter seg jamt frå stad til stad, noko som bidreg til at periodane med merkbar støy vil være forbigåande på dei einskilde plassane.
I samband med omfattande fornying av skjenegangen på fleire delstrekningar over lengre tid, kan det skje at føresetnadane endrar seg undervegs. Me ber difor om forståing for at det diverre ikkje er mogleg å være meir konkret om kvar arbeidet vil gå føre seg til ein kvar tid.
Mellombels stenging av planovergang
Me gjer merksam på at den kommunale planovergangen ved Evanger vil være stengt for motorisert ferdsel på dagtid (09-16) onsdag 18. september og torsdag 19. september. Det blir etablert skilting i samband med stenginga samt eit eige opplegg for naudetatane. Me ber fotgjengarar om å nytte gangbrua ved stasjonen i dei periodane planovergangen er stengd.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse BB-202409-003
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)
Publisert: 18. september 2024 klokken 11:51