Asfaltarbeid ved Gjerdåker haldeplass

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Gjerdåker haldeplass har me asfaltarbeid på gong.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg natt til fredag 26. mai. Arbeidet tek til kl. 18.00, torsdag kveld og skal etter planen vere avslutta seinast kl. 08.00 morgonen etter. Aktiviteten vil innebere noko støy mellom anna knytt til bruk av asfaltmaskinar. Me ber om orsaking for eventuelle ulemper.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

 

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)