Sporarbeid ved Evanger stasjon

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Evanger stasjon skal me skifta ut masser, byte sviller i ein sporveksel og byggje ein ny planovergang.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner og skjenegåande spesialmaskiner. I periodane 29.8. – 3.9. og 11. – 15.9. vil arbeidet gå føre seg på natta (20.00-08.00). I mellomperioden (4. – 10.9.) vil arbeidet få føre seg på dagtid (07.00-17.00).

Arbeidet vil jamt over ikkje innebere særleg mykje støy. Unnataket er støy knytt til bruk av ein såkalla pukksugar som nyttast for å fjerne gamal pukk under spora. Aktivitetane kan elles innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr. Så langt det er praktisk råd vil entreprenøren freiste å innrette arbeidet slik at me unngår særleg støyande aktivitet i innsovningsperiodane mellom 23.00-01.00.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)